Rem Offshore utvidar flaaten
NI SKIP: Rem Offshore-fåten er no oppe i ni skip. Administrerande direktør Fredrik Remøy seier det skal bli fleire.
Nytt

Rem Offshore utvidar flåten

Kjøper to forsyningskip. Treng fleire folk.

30.11.2018
Rem Offshore i Herøy er oppe i ni skip etter kjøpet av forsyningsskipa "Brage Supplier" og "Brage Trader" frå Bergensbaserte investorar i kommandittselskapet Brage Supplier KS. Partane har ikkje gått ut med prisen for fartya.
Skipa har vore drivne av Simon Møkster Shipping, men drifta blir no overført til Rem Offshore.
Administerande direktør Fredrik Remøy i Rem Offshore seier selskapet reknar med å kjøpe fleire skip og tilsette fleire folk framover.

Større vilje til å selje

Remøy trur ein tøff marknad gjer at vi får sjå ein auke i sal og kjøp av offshorefarty framover.
- Det er sikkert mange som hadde venta av 2018 skulle bli eit betre år enn 2017. Men så har ikkje det slått til, og det har medført at det er eit stadig press både mot aksjonærar og bankar, seier han.

Har oppdrag

Alle skipa til Rem Offshore er i arbeid. Dei to siste kjøpa ha oppdrag til høvesvis våren neste år og juni 2020.
Rem Offshor-flåten består no av seks forsyningskip, to konstruksjonsskip og eitt seismikkskip.

Ny start

Etter at Aker i 2016 blokkerte refinansiering og vidare drift av tidlegare Rem Offshore som sjølvstendig selskap - og fekk det slått saman med Solstad Offshore - bestemte tidlegare storaksjonær Åge Remøy seg for å bygge opp eit nytt reiarlag.

Han gjekk saman med investorane Magnus Roth og Thorstein Baldvinson, skipa In Nordvest og byrja å leite etter skip. Etterkvart fekk dei hand om det gamle namnet og døypte selskapet om til Rem Offshore.

Fleire investorar

Fartya i reiarlaga er eigd av eigne skipseigande selskap, med Rem Offshore som største eigar. Dei øvrige investorane varierer frå selskap til selskap.
Det er modellen også for "Brage Supplier" og "Brage Trader". Rem Offshore eig rundt 60 prosent av aksjane i dei skipseigande selskap som eig dei to fartya, i følgje Fredrik Remøy.
Det er sikkert mange som hadde venta av 2018 skulle bli eit betre år enn 2017. Men så har ikkje det slått til, og det har medført at det er eit stadig press både mot aksjonærar og bankar

Publisert: 30.11.2018 13:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28