Rem Offshore sikrar seg ut 2019
FOSNAVÅG: Hovudkontoret til Rem Offshore i Fosnavåg.
Nytt

Rem Offshore sikrar seg ut 2019

Sjølv i eit 'low case'-scenario meiner Rem Offshore at selskapet har sikra seg ut 2019. Vard får Rem-aksjar etter kansellering av nybygg.

27.06.2016
Rem Offshore kunngjorde måndag etter børsslutt ein omfattande restruktureringsplan.
Likviditetseffekten er ei forbetring på 3,6 milliardar kroner i eit perspektiv på 3,5 år.
Selskapet opplyser i at ein dei siste månedene har vore i dialog med långivarar, større obligasjonseigarar og majoritetsaksjonærar samt andre vesentlege interessentar. På denne bakgrunn har selskapet i prinsippet fått aksept for dei viktigaste betingelsane for den omfattande restruktureringa.

Robust løysing

Rem Offshore opplyser at restruktureringa vil skape ei robust finansiell løysing for selskapet ut 2019, sjølv i eit "low case-scenario" med avgrensa eller ingen utnyttinga av skipa og utan langtidskontrakter.
I tillegg til å styrke likviditeteten med 3,5 milliardar kroner, får selskapet redusert netto renteberande gjeld med rundt 900 millionar.
- Ved utgangen av 2019, vil selskapet framleis ha ein sterk konkurranseposisjon, med ei av dei yngste flåtene i marknaden med ein gjennomsnittsalder på under ni år på skipa, vert det fastslått.

Åge Remøy bidreg

Restruktureringen har følgjande hovudelement:
* Ny eigenkapital: Ein retta emisjon på 150 millionar kroner til kurs 0,87 kroner per aksje, kommitert av den største aksjeeigaren Åge Remøy, direkte eller indirekte. 60 millionar av emisjonsprovenyet er planlagt brukt til tilbakekjøp av deler av det nye obligasjonslånet.
Selskapet opplyser at ein vil vurdere å gjennomføre ein etterfølgjande reparasjonsemisjon på inntil 20 millionar kroner.
* Usikra obligasjonslån: 513,5 millionar kroner i samla pålydande verdi av det usikra obligasjonslånet (MNOK 188,5 av REM 04 PRO) etter kansellering av 60 millionar eigd av Rem Offshore som eigne obligasjonar, og 325 millionar kroner av REM 05 skal konverterast til aksjar i Rem Offshore. Etter restrukturering vil obligasjonseigarane eige 40 % av aksjane i selskapet.
* Bankar: Reduksjon av amortisering av alle bankfasilitetar i 3,5 år fra andre halvdel av 2016 til slutten av 2019, med ein total positiv likviditetseffekt for selskapet på 1,3 milliardar kroner. Alle løpetider for lån vil bli forlenga med 42 månader.
* Kansellering av nybygg: Den eksisterande nybyggingskontrakten med Vard skal kansellerast. Vard skal som kompensasjon for kanselleringen motta aksjar tilsvarande 4 prosent av aksjane i selskapet etter restruktureringa.
ABG Sundal Collier ASA er engasjert som finansiell rådgivar for Rem Offshore i samband med restruktureringa. Wikborg, Rein & Co Advokatfirma DA er engasjert som juridisk rådgivar for selskapet.

Publisert: 27.06.2016 19:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58