- Dette resultatet syner ei rekordsterk underliggande drift i perioda, skriv selskapet i ei børsmelding.
Etter levering av nybygga neste år vil 15 av 23 skip operere i konstruksjon- og subsea-marknaden, og selskapet skriv at det har god kontraktsdekning i desse segmenta også framover.
Han er ikke pessimistisk på Olympic Ship sine vegne, tvert i mot ventar han at aktiviteten i subseaoperasjonar vil blir meir omfattande neste år.
Men skulle oljeprisen legge seg på eit varig lågare nivå må det ei omstilling til.
- Vi har fleire båtar som driv med fornybar energi, seier han.
For 2015 er kontraktsdekninga 54 prosent, og blir 65 prosent dersom kundane vel å bruke retten sin til å utvide leigeperioden.
I årets ni første månader var utnyttingsgraden for heile flåten 85 prosent.
Stig Remøy har tidlegare lagt vekt på at Olympic Ship si satsing på å bli eit internasjonalt selskap er viktig. Det legg selskapet vekt på også i kvartalsrapporten for tredje kvartal." Mellom anna ser vi at den langsiktige satsinga i Brasil gjennom etableringa av Olympic Maritima er ein operasjonell suksess", heiter det i kvartalsrapporten.
God kontraktsdekning
Olympic Ship har hovudsatsing si i marknaden for konstruksjonskip, og skip for bruk til undervassoperasjonar (subsea) og kombinasjonskip som kan ta på seg mange ulike typar oppdrag. Alt i alt er det 13 slike skip, pluss to under bygging, i Olympic Ship-flåten.Etter levering av nybygga neste år vil 15 av 23 skip operere i konstruksjon- og subsea-marknaden, og selskapet skriv at det har god kontraktsdekning i desse segmenta også framover.
Korreksjon
- Det er veldig fokus på at oljeprisen har gått ned, men vi må hugse at i 2002 var den nede i 20 dollar og har stige til over 120. Det kan ikke kome som noko overrasking at det kom ein korreksjon, seier Remøy.Han er ikke pessimistisk på Olympic Ship sine vegne, tvert i mot ventar han at aktiviteten i subseaoperasjonar vil blir meir omfattande neste år.
Men skulle oljeprisen legge seg på eit varig lågare nivå må det ei omstilling til.
- Vi har fleire båtar som driv med fornybar energi, seier han.
54 prosent
For resten av 2014 har Olympic Ship ei kontraktsdekning på 60 prosent.For 2015 er kontraktsdekninga 54 prosent, og blir 65 prosent dersom kundane vel å bruke retten sin til å utvide leigeperioden.
I årets ni første månader var utnyttingsgraden for heile flåten 85 prosent.
Ikkje like bra
Olympic Ship meiner selskapet har gode utsikter, men ventar at innteninga i fjerde kvartal ikkje blir like bra som i tredje kvartal.Stig Remøy har tidlegare lagt vekt på at Olympic Ship si satsing på å bli eit internasjonalt selskap er viktig. Det legg selskapet vekt på også i kvartalsrapporten for tredje kvartal." Mellom anna ser vi at den langsiktige satsinga i Brasil gjennom etableringa av Olympic Maritima er ein operasjonell suksess", heiter det i kvartalsrapporten.
Publisert: 28.11.2014 13:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






