Rekordresultat men ventar med utbyte
RESULTAT: Johannes Rauboti og Sogn og Fjordane Energi med rekordresultat i fjor, men forventar betydeleg svekka resultat i år på grunn av korona og lav kraftpris.
Nytt

Rekordresultat - men ventar med utbyte

Sogn og Fjordane Energi leverer sitt beste resultat nokon gong, men styret foreslår å vente med å avgjere om det skal utbetalast utbyte på 120 millionar.

26.08.2020
Det er situasjonen i samband med Covid-19 pandemien som gjer at styret ikkje vil tilrå for generalforsamlinga å gjere vedtak om utbytte no.
I ei pressemelding frå energiselskapet blir det vist til den usikre situasjonen for norsk næringsliv og den finansielle uroa, kombinert med eit kraftig fall i kraftprisane, noko som gjer at styret vil be generalforsamlinga om ei fullmakt til å ta stilling til ei utbytteutbetaling på inntil 120 millionar kroner på hausten.

Forventar dårleg 2020

Dette vil i så fall vere det høgste «ordinære» utbyttet frå SFE nokon gong.
- SFE er ein solid verksemd og det er viktig for oss å bidra med utbyte for dei offentlege eigarane våre. På same tid finn styret det rett i ein slik situasjon å vente med å ta stilling til utbytte for 2019, seier konsernsjef Johannes Rauboti, i pressemeldinga.
Der går det fram at styret forventar eit vesentleg dårlegare resultat i år på grunn av den urolege situasjonen grunna Covid-19 pandemien, saman med svært stor kraftprisnedgong.
Derimot var 2019 eit rekordgodt år med eit resultat etter skatt på 433 millionar kroner.

- Alvorleg situasjon

Konsernsjefen er svært godt nøgd med resultatet.
- Fjorårsresultatet er svært gledeleg. SFE er inne i ein periode med stor aktivitet og vekst og då er det avgjerande viktig å ha eit solid økonomisk fundament, seier Rauboti, i pressemeldinga.
Samtidig peikar han på den alvorlege situasjonen Covid-19 pandemien no har skapt.
- Vi ser at våre investeringar framover vert eit bidrag til sysselsetting og aktivitet i tida som kjem. Det vert viktig for oss å halde framdrift, samtidig som vi tek vare på dei tilsette og sikrar økonomien i prosjekta, seier konsernsjefen.

Store investeringar

Investeringane i 2019 var til saman på 623 millionar kroner. Selskapet har store vasskraftanlegg som Jølstra og Østerbø under bygging. I tillegg er det i 2019 investert 247 millionar kroner i nettanlegg for å styrke leveringstryggleiken og sørge for tilknyting av nye produksjonsanlegg og kundar.
Selskapet opplyser at ein viktig faktor til det gode resultatet er verdiauke på 95 millionar kroner på finansielle kraftkontrakter for framtidig levering. Dette er kontrakter som er inngått for å prissikre framtidig produksjon. Dette slår positivt ut på resultatet når kraftprisen i marknaden er redusert.
I 2019 var SFE sin kraftproduksjon 1 668 GWh. Dette er 327 GWh mindre enn i 2018. Spotprisen i området var i 2019 på 38,0 øre pr kWh, dette var 4,4 øre lågare enn året før.
- Vi har utnytta fleksibiliteten i kraftverka ved å produsere på tidspunkt med høge prisar. Dette saman med realisering av grøne meirverdiar har gjort at vi oppnådde ei auka kraftinntekt på 59 millioner kroner. Det er vi godt fornøgd med, seier Rauboti.
Det vert viktig for oss å halde framdrift, samtidig som vi tek vare på dei tilsette og sikrar økonomien i prosjekta

Publisert: 26.08.2020 10:33

Sist oppdatert: 26.03.2021 11:45