Rekordresultat for Vad
COMEBACK: Stolen Convair vart seld i 6000 eksemplar etter lansering i 1972. Den var på marknaden i ni år. No blir den relansert, og Vad satsar på at den også skal slå an i privatmarknaden.
Nytt

Rekordresultat for Vad

Vad har aldri gjort det betre. Flytting var nøkkelen.

13.03.2017
- Utan hadde vi ikkje eksistert i dag, seier dagleg leiar og medeigar Håkon Vad om konsekvensen av å flytte produksjonen frå Noreg til Litauen.
22 personar miste arbeidet då Vad hausten 2013 la ned produksjonen i Stordal og overlet den til ein underleverandør i Litauen.
Resultatet talar for seg, meiner Vad.
-Vi er veldig fornøgde. Det er det beste vi har oppnådd nokon gong, seier han.

For små for robotisering

Utviklinga av robotteknologi og automatisering har ikkje fått Håkon Vad til å endre meining om flyttinga.
Vad er i hovudsak retta mot kontraktsmøbelmarknaden, og produserer på bestilling til private og offentlege bedrifter og institusjonar i små seriar. Verksemda er for lita og spesialisert til å kunne utnytte teknologien og oppretthalde ein produksjon i Noreg, seier Vad.
I dag er det 12 personar tilsett i den norske bedrifter, likeleg fordelt mellom Stordal og Kjeller. Utvikling, sal og administrasjon skjer i Norge, møblane blir frakta rett frå fabrikken og ut til kundane.

I privatmarknaden med relansering

Kontraktsmøbelmarknaden er heilt dominerande for Vad. Men interesse frå privatmarknaden gjer at selskapet no relanserer ein klassikar frå 70-talet, og siktar både mot privat- og kontraktsmarknaden.
Stolen Convair (biletet) er teikna av Oddmund Vad, far til Håkon Vad, og lansert i 1972.
No er den relansert, og går det som Håkon Vad håpar gir den verksemda større innpass også i privatmarknaden.

Lagt merke til

- Det er mange som har lagt merke til at vår situasjon er snudd, seier Vad.
Flyttinga reduserte kostnadane og er ein viktig nøkkel, men ikkje heile forklaringa. Men resten vil Vad halde for seg sjølv.
- Vi har funne ei oppskrift som funkar, seier han.
Vi er veldig fornøgde. Det er det beste vi har oppnådd nokon gong

Publisert: 13.03.2017 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07