Rekordresultat for Jets
ALDRI GJORT DET BETRE: Offshorekrisa er over, Jets har funne nye marknadar. 
Nytt

Rekordresultat for Jets

Jets-konsernet sette både omsetningsrekord og rekord i lønsemda i fjor.

20.04.2018
Resultatet før skatt for konsernet blei 69 millionar kroner i fjor (sjå tabell). Det utgjer 15,7 prosent av driftsinntektene som er de beste resultatet konsernet har hatt. Driftsinntektene har heller ikkje vore høgare.
Jets lagar vacumtoalett-løysingar og hadde offshoreflåten som ein stor kunde.

Snudde seg rundt

Satsing på nye marknadar då krisa kom for offshorenæringa dempa verknadane av oljeprisfallet.

- Litt forenkla kan vi seie at vi opplevde ei utflating av veksten vår, då krisa kom til maritim næring. Vi hadde då ein auke på om lag 20 prosent årleg i nysal til kundar på land, i form av mobile toalettløysingar, kondenstransport for butikkar, vassparande toalett til kommersielle og offentlege bygg, samt toalett og renseanlegg til hytter, for å nemne noko. Denne veksten klarte nesten å ta unna for svikten frå maritim side, seier konsernsjef Øyvind Tørlen i ei pressemelding.

Tilbakeslag i 2016

Frå 2015 til 2016 fall driftsinntektene frå 422 til 380 millionar kroner. I fjor tok Jets att alt det tapte og meir til og enda på 437 millionar kroner i driftsinntekter.
Ettermarknaden, vedlikehald og fornying av gamle anlegg er blitt den viktigast marknaden for Jets.
- Vi har selt vakuumtoalettsystem i over 30 år, så ettermarknaden for eksisterande kundar er difor stor. Og den veks seg sjølvsagt større for kvart einaste nye anlegg vi leverer. Førebels er det skipskundar som utgjer størstedelen av ettermarknaden, men dette vil snu litt meir mot land etterkvart, seier Tørlen.

Publisert: 20.04.2018 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21