Rekordresultat for Geiranger hotell
GOD BUTIKK: Far og datter Tore og Maud Haldorsen har aldri levert eit betre resultat for Geiranger Hotelldrift enn i fjor. 
Nytt

Rekordresultat for Geiranger-hotell

Geiranger Hotelldrift har auka inntektene med over 50 prosent på fem år og hadde rekordlønsemd i fjor.

24.05.2019
Geiranger Hotelldrift driv Hotell Geiranger, eit sesonghotell, som opnar om våren og stenger tidleg i oktober. Hotellet har hatt vekst kvart år frå 2012 og dei siste åra har også lønsemda skote i veret.
2017 blei eit rekordår, og fjoråret blei enda betra. Resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene steig frå 7,5 prosent i 2017 til 10,5 prosent i fjor.
- Vi er godt fornøgd med resultatutviklinga, seier hotellsjef Maud Haldorsen i ei pressemelding.

Auka prisane

Ein av grunnane til den auka lønsemda er prisauke i høgsesongen.
- Vi har ikkje så mykje meir å selje i høgsesongen, så då kan vi ta oss litt betre betalt, sa Tore Haldorsen til NETT NO i 2017. Hotellet er eigd av Haldorsenfamilien, og Tore Haldorsen har drive hotellet saman med dattera Maud i fleire år.

Vekst på 10 prosent

Så langt i år ligg Geiranger Hotelldrift an til 10 prosent vekst i driftsinntekter samanlikna med i fjor. Budsjettet er eit resultat i kroner som i 2018, skriv Maud Haldorsen i ei tekstmelding til NETT NO.
Selskapet er eigd av Friaren Holding, som har Gro og Tore Sævil Haldorsen, Maud Overå Haldorsen og Tor Kristian Overå Haldorsen som eigarar.

Publisert: 24.05.2019 13:03

Sist oppdatert: 22.03.2024 15:36