Rekordprisar for torskefilet
FOSNAVÅG: Salssjef Daniel Harbo Pinheiro og logistikksjef Lisa Leinebø Pinheiro i PHL Seagold.
Nytt

Rekordprisar for torskefilet

Prisen på norsk sjøfryst torskefilet har aldri vore høgare. Får no rundt 76 kroner kiloet.

14.10.2019
- Dette er veldig gledeleg, seier salssjef Daniel Harbo Pinheiro i PHL Seagold og autolinebåten Leinebris i Fosnavåg.
Han viser til at mesteparten av fileten går til Storbritannia, inkludert siste fangsten frå Leinebris som skal lossast denne veka.
- Storbritannia er vår viktigaste marknad. At dei set så stor pris på kvalitetsprodukt frå den norske fiskeflåten, viser at vi har gjort rett når vi har satsa så offensivt på sjøfrosen filet.
Denne veka sel han sjøfrosen torskefilet for 76 kroner kiloen, det høgste nokon gong frå Leinebris.

Fish & chips

Denne høge prisen får han også for filet med skinn.
- Det er heilt uvanleg at torskefilet med skinn er likt prisa som torskefilet utan skinn, men dette trur eg ikkje vil halde fram så lenge.
- Men no opna det seg ei mulegheit som vi får full nytte av.
Harbo Pinheiro viser til at mesteparten av fileten går til fish & chips.
- Den britiske marknaden ser ikkje ut til å minke. Det er stor appetitt etter norsk torsk og hyse, og der spesielt linefisk står sterkt.

Kvalitetsmerking

Leinebris-reiarlaget er med i klynga "Norwegian Frozen at Sea", med eiga kvalitetsmerking.
Med i dette samarbeidet er også Østerfjord, Ramoen, Granit, Geir II, Frøyanes, Atlantic og Langøy.
Eit prosjekt gjennom Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering skal synleggjere kvaliteten til filetane frå dei åtte båtane.
Målet har vore at standarden skal dokumentere og sikre kvaliteten på fisk som vert merka som sjøfrosen filet. Filetar som ikkje held mål, får ikkje merket.
Dei åtte båtane har organisert seg i klynga «Norwegian Frozen at Sea», og er saman med Standard Norge, Fiskebåt, Marint Kompetansesenter og Møreforsking partnarar i prosjektet.
Kvalitetsstandarden stiller òg krav til berekraft i bedrifta og arbeidsvilkåra til dei tilsette.
Det er heilt uvanleg at torskefilet med skinn er likt prisa som torskefilet utan skinn

Publisert: 14.10.2019 13:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41