Rekordkontrakt til Maritime Partner
Nytt

Rekordkontrakt til Maritime Partner

Skal bygge sightseeingsbåt for Geirangerfjorden. 

06.02.2018
Det nye fartyet, ein katamaran på 24 meter med plass til 147 passasjerar, skal leverast til turistsesongen neste år. Kjøpar er Geiranger Fjordservice.
Prisen er ikkje offentleggjort, men ut frå tidlegare kontraktar anslår NETT NO at kontrakten med Geiranger Fjordservice er på mellom 25 og 30 millionar kroner.
Dette er både det største fartyet og den største einskildkontrakten Maritime Partner har inngått.

Turistbåt nummer to

Dette er den andre kontrakten Martime Partner i Ålesund inngår i turistmarknaden. Til sommaren skal ein 21 meter lang katamaran med plass til 97 personar frakte passasjerar langs Besseggen, på Gjendesjøen i Jotunheimen.
Den kontrakten er på 20 millionar kroner opplyste Maritime Partner i fjor.

Båten på Gjendesjøen har skrog i aluminium og overbygg i glasfiber. Båten på Geirangerfjorden skal byggast berre i aluminium.

Klar for hydrogen

Det nye fartyet til Geiranger Fjordservice skal i første omgang gå på diesel, men er klargjort for montering av utstyr til hydrogendrift.
Sightseeingtrafikken på Geirangerfjorden er ein mogleg marknad for eit hydrogenprosjekt der småkraftverk ved Hellesylt skal produsere hydrogen. Nettet i Hellesylt er ikkej godt nok utbygd til å ta unna kraftproduksjonen når det høljar ned i dagevis. I staden for å la vatnet renne forbi er tanken på bruke straumen til hydrogenutvinning.

Vekstselskap

Sightseeing-turar på fjorden er hovudverksemda til Geiranger Fjordservice.
Selskapet er eigd av ei rekkje aktørar i Geiranger, og har hatt vekst i både driftsinntekter og lønsemd dei siste åra.

Utanom sesongen skal det nye fartyet brukast i chartertrafikk og som reservebåt for hurtigbåtar i rutetrafikk.

Publisert: 06.02.2018 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08