Rekordkontrakt til MMC First Process
HALV MILLIARD: Etter rekordkontrakten med Alsaker Fjordbruk har MMC First Process ein ordrereserve på ein halv milliard kroner. F.v. administrerande direktør Petter Leon Fauske og Leif Gjelseth under AquaNor i 2017.
Nytt

Rekordkontrakt til MMC First Process

Skal utruste brønnbåt til Alsaker Fjordbruk.

22.06.2018
- Det er den største kontrakten vi har hatt i selskapets historie, seier rådgjevar Leif Gjelseth i MMC First Process.

MMC First Process har ansvaret for alt av utstyr som har med handtering av fisken ombord i brønnbåten, både det som selskapet produserer sjølv og tilpassinga av utstyr som blir levert av andre. Brønnbåten er teikna av Salt Ship Design på Stord og bygd hos verftet Astilleros de Murueta i Spania og levert i 2020.
Medrekna denne kontrakten har MMC First Process ein ordrereserve på ein halv milliard kroner, skriv selskapet i ei pressemelding. Ordrereserven sikrar arbeid inn i 2019.

Mange oppgåver

Det er dei mange uilke funksjonane som skipet kan utføre som gjer dette oppdraget til den største kontrakten MMC First Process har hatt, seier Gjelset.
Brønnbåten kan frakte alt frå smolt til slaktefisk, sortere fisken etter storleik undervegs frå lasting til lossing, får alvlusinganlegg og ei kjølesystem som sparer energi ved å nytte overskotvarmen i avlusingsprosessen.
Lastevolumet blir over 5000 kubikkmeter.

Publisert: 22.06.2018 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23