Rekordaar i fiske
MEST GODE TIDER: Optimismen i næringslivret på Nordvestlandet er klart betre enn i fjor. Fiske og oppdrett har svært gode tider, medan offshorereiarane ikkje har kome seg ut av nedturen og handelsnæringa har fått det tøffare. Henning Mostue, Ola Øvrelid og Lisbeth Therkildsen la i dag fram Sparebank1 SMN sitt konjunkturbarometer for hausten 2018.
Nytt

Rekordår i fiske

Gjeldsveksten i fiskebåtreiarlaga har stoppa. Blir meir solide.

02.11.2018
2018 blir tidenes år for fiskarane, og spesielt for ringnotflåten og torsketrålflåten.
Reduserte torske- og makrellkvoter, stigande rente og bunkerskostnadar gjer at 2019 kan bli eit litt svakare år, men det ei framleis ei næring som har gode tider i følgje Olav Øvrelid, ansvarleg for fiskerisektoren og maritim industri i Sparebank1 SMN.
Fiskarane investerer, men brukar og overskotet til å gjere fiskebåtreiarlaga meir solide.
- Spesielt ringnot og torsketrål er blitt vesentleg meir solide dei siste åra, seier Øvrelid.

Fisk på topp

Banken presentert i dag bedriftsbarometeret for hausten 2018, der den tek pulsen på stemninga i næringslivet i Møre og Romsdal og Trøndelag, i tillegg til å analysere utviklinga til bransjer og bedrifter basert på reknskapa for 2016 og 2017.

Fiskeri og oppdrett er på topp viser barometeret. Banken ventar og høgare laksepris neste år og trur 2019 kan blir enda betre for oppdrettarane i følgje Lisbeth Therkildsen, som er ansvarleg for havbrukssektoren i banken.
Verfta har vunne oppdrag i nye marknadar, først og fremst i cruise- og ekspedisjonskip. Øvrelid ventar at desse kontraktane etterkvart også vil gi overskot for verfta, sjølv om kompleksiteten i dei første kontraktane blei undervurdert. Dei kontraktane som er inngått i år vil gå i pluss, etter hans vurdering.
Også utstyrsindustrien ser lysning.
I følgje barometeret er det i dag berre offshorereiarane som framleis ikkje har kome seg ut av nedturen.

Ny runde

Solstad Offshore har nyleg varsla at selskapet vil starte nye refinansieringsforhandlingar med kreditorane og Sparebank1 SMN trur det blir fleire som må gjennom ein ny runde.

Kort sagt er det for mange skip i opplag, og banken trur på ein vanskeleg marknad i alle fall til 2019-2020.
I denne runden må bankane innstille seg på å tap tap, etter Henning Mostue si vurdering. Hans er ansvarleg for utlån til offshorereiarlaga i banken.
- Vi byrjar å nærme oss at bankanse må innsjå at vi kanskje må ta noko tap vi og, seier Mostue.

Færre selskap

Banken trur og at fiskeindustrien kjem til å gå gjennom ei utvikling der det blir færre og større selskap.
Det som driv fram ein slik konsentrasjon er endringar i i marknaden (større butikkjeder blir viktigarar kunda, til dømes) og endringanr i korleis forbrukarane vil ha fisken (for eksempel mest mogleg gryteklar).
- Vi trur her blir større einingar, seier Øvrelid.

Tøft i handel

Utanom offshorereiaralaga er varehandlen blant dei som har det tøffast. Ein tredjepart av alle bedriftene i handelsnæringa i Møre og Romsdal og Trøndelag gjekk i minus i fjor, og lønesemda i handelsbransjen er pressa nedover dei siste åra.
- Det er rett og slett steinftøft å drive med varehandel, seier Vegard Helland, som er øverste leiar for utlån til næringslivet i Sparebank1 SMN.

Publisert: 02.11.2018 20:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27