Rekordaar for traalarar
TORSKEFISKE: Skrei frå havet ved Gryllefjord på utsida av Senja. 
Nytt

Rekordår for trålarar

Torskeprisen er tredobla dei siste fem åra. Det har gitt rekordhøge inntekter for norske fiskarar.

18.10.2019
(NPK): Dei største båtane og reiarlaga kjem best ut av auken i torskeprisen. Dei 65 største reiarlaga med over 100 millionar i driftsinntekter hadde driftsmargin på 25 prosent i gjennomsnitt i fjor, viser ein gjennomgang har gjort.
Byggeaktiviteten i havfiskeflåten er den høgaste på mange år, fordi mange av reiarlaga investerer pengane i nye båtar. Dei siste ti åra har norske reiarlag bygd dobbelt så mykje bruttotonn havfiskebåtar som førre tiår, skriv avisa.
Lerøys trålselskap Havfisk er Noregs største trålreiarlag med ti trålarar og 29,6 torskekvotar for trål. Det svarar til 11 prosent av den totale torskekvoten i Noreg.
Ein trålkvote med plikt til å levere fisk er verd rundt 100 millionar kroner.
Dei siste 30 åra er talet på trålarar redusert frå 120 til 35. Reiarlaga har fått lov til å slå saman fleire kvotar på éin båt. Havfisk har cirka tre kvotar per båt, noko som gjer at kvart skip kan fiske tre gongar så mykje som før.
Havfisk har siste to år dobla årsresultatet etter skatt, frå 180 millionar kronar i 2016 til 350 millionar i fjor.

Les også:



Dei gode resultata i havfiskeflåten kjem av ein kombinasjon av mykje fisk, låge renter og låg kronekurs. Det kan snu fort, meiner assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt, foreininga til havreiarane.
– Dei fleste faktorar har vore positive, og summen av gunstige faktorar har slått gunstig ut. Men det kan vi ikkje basere oss på framover. Skiftande tider er det normale i fiskeria, seier Maråk til DN.

Synspunkt:


Publisert: 18.10.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42