Rekordaar for Vartdal Gruppa i fjor
OPPDRETT: Vartdalgruppa eig fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg, eige slakteri og fryseri. Dermed har dei kontroll med heile verdikjeda - frå eigen produksjon av setjefisk, via produksjon av matfisk i sjøen og til slakting av laks.
Nytt

Rekordår for Vartdal Gruppa i fjor

Ottar Vartdal har tru på greie plussresultat framover. - Vi er spesielt spente på 2018 og det kan kome ein stor auke i kjøpa frå Kina. Her på Vartdal er vi iallefall optimistiske, seier han. 

Kristin Vidhammer
16.07.2017
Vartdalgruppa Fiskeoppdrett består av morsselskapet Vartdal Invest og selskapa Aqua Farms Vartdal, Vartdal Fiskeoppdrett, Urke Fiskeoppdrett, Vartdalgruppa Fiskeoppdrett, Vartdal Fryseri og Western Seaproducts.

Kontroll på heile verdikjeda

Vartdalgruppa eig fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg, eige slakteri og fryseri. Dermed har dei kontroll med heile verdikjeda - frå eigen produksjon av setjefisk, via produksjon av matfisk i sjøen og til slakting av laks.
Konsernet fekk i fjor driftsinntekter på 305 millioner kroner og eit resultat før skatt på 86,2 millioner kroner (sjå tabell).
Dette er ein betydeleg auke i høve til året før, og skuldast delvis også at slaktetidspunktet i 2015 vart forskyve frå november/desember til utpå nyåret i 2016. Dermed viser rekneskapen for 2015 svakare tal enn det som er reelt og normalt. Det er Aqua Farms Vartdal som står for mykje av resultatet i konsernet.

Har tru på greie plussresultat framover


- Det har vore gode prisar innan oppdrett ei god stund, og då vil ein med grei drift og gode medarbeidarar få greie resultat. Prisane er fortsatt gode, men vil nok på kort sikt falle ein god del - kanskje så mykje som 10 kroner kiloen. Men då er vi i så fall rundt 50-55 kroner kiloen som også er svært gode prisar, sier Ottar Vartdal.
Han har difor fortsatt tru på greie plussresultat framover.
- Vi er spesielt spente på 2018. Det kan kome ein stor auke i kjøpa frå Kina blant anna. Der er ein stor marknad og som også vil kunne halde prisane oppe. Her på Vartdal er vi iallefall optimistiske, seier han.

Investert i gode tider

Dei har forøvrig investert mykje i fornying og nytt utstyr i 2016.
- Det er i gode tider ein må investere og fornye seg. Vi er blant anna veldig opptatt av å gjere dei rette tinga i forhold til lusekrava som ein må takle, seier han.
Ottar Vartdal satsar også på storsmolt framover og har siste par åra gjort investeringar på ti-tals millionar kroner i dette. Dette også fordi det frå styresmaktene si side er eit klart ønske om å stimulere til tiltak som aukar størrelsen på smolten.
I første omgong satsar han på smolt frå 600 til 800 gram. Ved å auke smoltvekta, sparer ein fire-fem månader i merdene i sjøen. Storsmoltanlegg gir både kortare tid i sjøen, betre kapasitetsutnytting av sjøanlegga og gjer at fisken blir mindre utsett for lakselus og sjukdom.
- Med ein kraftigere fisk får ein enklare, større og langt meir effektiv produksjon. Investeringane og satsinga går etter planen og her er fullt køyr, seier han.

Les også:


Gruppa har også gjort mykje investeringar i lakseslakteriet. Dei har no ein kapasitet til å slakte 80 tonn i døgnet dersom det skulle vere nødvendig.

Solid eigenkapital

Dei hadde i fjor 45 tilsette i konsernet. Bokført eigenkapital var ved årsskiftet 151 millioner kroner, noko som tilsvarer ein eigenkapitaldel på 37 prosent.
Det er i gode tider ein må investere og fornye seg

Publisert: 16.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12