Rekordaar for Skipsteknisk
RESULTAT: Hans Olav Holmøy og Skipsteknisk slo alle rekordar i fjor. 
Nytt

Rekordår for Skipsteknisk

Tener godt på fiskeri, trur at det snart vert nybygg i offshore, men har ikkje mål om å slå fjoråret.

17.07.2019
- Vi har stabil, god aktivitet framover, men noko mål om å slå 2018 har vi ikkje. Det var eit toppår, seier dagleg leiar Hans Olav Holmøy i Skipsteknisk.
Ålesund-selskapet omsette for 176,5 millionar kroner i fjor, og hadde eit resultat før skatt på solide 51,1 millionar kroner. Begge deler er ny rekord.
- Vi er godt fornøgd med fjoråret, seier Holmøy.

Russland

Det var spesielt innanfor fiskeriprosjekt at det var høg aktivitet, eit område som Skipsteknisk har satsa på i lang tid.
142,2 millionar kroner av omsetninga kom frå fiskeri, og der 41,9 millionar kroner stamma frå fiskeriprosjekt i Russland.
- Der er framleis pågåande prosjekt i Russland og fornying av den russiske fiskeflåten, men vi trur vi er over toppen der, seier Holmøy.
10 millionar av omsetninga kom frå design av forskingsfartøy.
- Også her er det nye prosjekt på gang, men omsetningsmessig er det relativt beskjedne tal, seier Holmøy.

Trur på offshoreprosjekt

Derimot hadde selskapet 23,6 millionar kroner i omsetning i offshore fjor, der ein stor del stammar frå Nexans-båten som vart flytta frå eit kroatisk verft til Ulstein.
- I tillegg har vi hatt ein del ombyggingsoppdrag innanfor offshore.
Holmøy seier at det no vert sett på fleire nybyggingsprosjekt innanfor offshore.
- Vi håper og trur at det snart kjem eit nybygg.
- Truleg vert det i så fall bestilt av ein utanlandsk reiar, seier Holmøy.

81 årsverk

Skipsteknisk eig Ålesund-selskapet Skan-El, som også hadde eit godt år i fjor med eit resultat på 5,9 millioonar kroner.
Dotterselskapet Skipsteknisk Engineering i Istanbul gjekk også i pluss med 1,8 millionar kroner i fjor.
I konsernet er det 81 årsverk, medan det er 51 i morselskapet Skipsteknisk.
- Vi ser etter nokre fleire personar til enkelte nøkkelstillingar, seier Holmøy.

Utbyte

Han eig sjølv 27,76 prosent av selskapet, det same som Bjørn Oscar Kløvning.
Kjell Jarle Holmøy eig 16,96 av aksjane, Robert Teige 15 prosent og Karsten Teige 12,52 prosent.
Aksjonærane kan for fjoråret fordele eit samla utbyte på 27 millionar kroner.
Vi er godt fornøgd med fjoråret

Publisert: 17.07.2019 11:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37