Rekordaar for Sandefisk
SANDSHAMN: Sandefisk med rekordår i fjor, og den jamne tilgangen til fisk kan mykje tilskrivast fiskebåten Eldrorado, som her ligg ved kai.
Nytt

Rekordår for Sandefisk

Hjørnesteinsbedrifta på Sandsøya omsette for over 80 millionar i fjor. Det er ny rekord.

14.06.2019
- For det første skjer vi meir filet og gjer meir vidareforedling, og får betre prisar på produkta. I tillegg hadde vi i fjor jamn tilgang med råstoff mesteparten av året.
Det seier dagleg leiar Ole Sande i Sandsøy-bedrifta Sandefisk.
I fjor selde bedrifta sjømat for 80,1 millionar kroner.
- Dette er det høgste nokon gong, seier Sande.

Mindre råstoff

Resultatet før skatt enda på 4,5 millionar, opp frå 2,4 millionar kroner året før.
- I år ser det ikkje slett så bra ut sidan råstofftilgangen er meir variabel.
- Det er vanskeleg å planleggje og få jamn og god produksjon når det stadig er to dagar med fint vêr og deretter tre med dårleg vêr.

Viktig med eigen båt

Sandefisk eig sjølv fiskebåten Eldorado, som driv med autoline, i tillegg til rundt fire veker med seigarn.
- Eldorado er svært viktig for oss, men vi er også avhengig av at framandfiskarar leverer her.
- Det minkar på båtar som driv kystfiske her i regionen, så råstofftilgangen er ein kritisk faktor.

Skuleungdom frå Herøy

Bedrifta har i snitt 19 årsverk, men variasjonane er store gjennom året, frå 12-13 og opp i over 30 tilsette.
- Vi har ein fast stab med svært dyktige tilsette. I tillegg sper vi på med innleige, ikkje minst av ungdom som jobbar her i helgar og feriar.
- Dette gjeld blant anna fleire skuleungdomar frå Herøy, som vel å jobbe hos oss på Sandsøya. Det er svært gledeleg, seier Sande.

Utbyte

Saman med Geirmund Bringsvor, eig Ole Sande 80,8 prosent av Sandefisk gjennom selskapa GO Group og Finefish.
Resten er eigd av Evje Invest ved Nina Sande Rusten og Odd Robert A. Sande.
Aksjonærane kan etter det gode fjoråret ta ut eit utbyte på tre millionar kroner.
 Det er vanskeleg å planleggje og få jamn og god produksjon når det stadig er to dagar med fint vêr og deretter tre med dårleg vêr

Publisert: 14.06.2019 10:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36