Rekordaar for Otto Vik
NYE KJØPARAR: Rimlegare hytter har auka salet meiner hyttefeltutviklar Otto Vik i Stryn. 
Nytt

Rekordår for Otto Vik

Otto Vik selde 20 hyttetomter i Stryn i fjor. Det er ny rekord.

13.01.2017
- Folk seier det er dårlege tider, men det har ikkje eg merka noko til. Det må er berre ærleg innrømme, seier hyttefeltutbyggjar Otto Vik.
Fjoråret overgjekk alle forventninga. 20 selde hyttetomter er åtte fleire enn den førre rekorden. Mange av tomtene blir og selde som ei pakke, der Vik sitt selskap Stryn Trelast også byggjer hyttene.

Gode utsikter

Ved starten av 2017 er utsiktene lyse også for det nye året. Vik seier han har åtte-ti interessentar på handa og at det nett no ser betre ut enn på same tid i 2016.
Då Bøanedsetra- det første store hyttefeltet ved skitrekket i Stryn - var ferdig utbygd var det Vik som tok over rolla som den store hyttefeltutbyggjaren i Stryn.

No er han i gang med å bygge ut felt to av Hydla-feltet, som er hans område, og har starta reguleringsarbeidet på felt tre.
Til saman omfattar dei to felta 100 tomter, der 37 er selde.

Rimlegare hytter

Ein av grunnane til salsauken er rimlegare hytter, meiner Vik. Medan det for tre-fire år sidan var vanleg med ein samla pris på tomt og hytte opp mot fem millionar kroner ligg den normale prisen no i nærleiken av tre millionar kroner.
Til den prisen er det fleire som tek seg råd til hytte, og Vik seier og det er fleire yngre kjøparar enn før.
- Vi har nådd ein ny marknad, seier han.

11 sal i Hornindal

I 2014 melde også Hornindal for alvor seg på kampen om hyttekjøparane på Nordvestlandet.
Harevadet hyttefelt ved skitrekket og langrennsløypene i Hornindal er på cirka 120 tomter, og så langt er 49 selde i følgje Inge Olsen i Harevadet hyttefelt.
11 selde tomter i fjor er fasiten for Harevadet, rett i overkant av forventingane.

Utsett

Det som ikkje fall for plass for Vik i fjor var klarsignal for to prosjekt han jobbar med, ein klatrepark i tretoppen ved hyttefeltet og kommunal medfinansiering av ny stolheis i skibakken i Stryn.

Men ingen av satsingane er lagt på is, berre utsett og det blir arbeidd vidare for å få dei på plass.
Folk seier det er dårlege tider, men det har ikkje eg merka noko til. Det må er berre ærleg innrømme

Publisert: 13.01.2017 06:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 10:58