Rekordaar for Nogva Motorfabrikk
LOKALT EIGE: Nogva Motorfabrikk i Søvika har dei fleste aksjonærane busett i nabolaget.  - Så langt vi kan sjå i dag skal selskapet vere i privat og lokalt eige, seier administrerande direktør Kjell Norvoll.
Nytt

Rekordår for Nogva Motorfabrikk

Åtte år på rad med vekst, og rekordlønsemd i 2017.

17.07.2018
-Vi har hatt vekst gjennom heile perioden som har vore problematisk for dei fleste i maritim klynge, seier administrerande direktør Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk i Søvika i Haram.
I 2013 passerte selskapet 200 millionar kroner i driftsinntekter for første gang. I fjor var driftsinntektene 354 millionar kroner. Resultatet før skatt blei 14 prosent av driftsinntektene. Det er den beste lønsemda selskapet har hatt.
Så langt ser Nogva Motorfabrikk ut til å auke driftsinntektene også i år.

Oppdrett og eksport

Nogva Motorfabrikk lagar gir og propellar, og leverer også motorar. Norvoll meiner selskapet vinn mykje på å kunne levere tilpassa "pakkar" med gir, propell og motor.
- Det er eit unikt konkurransfortrinn i marknaden, seier han.
Veksten siste år skuldast leveransar til båtar til oppdrettsnæringa og vekst i eksportmarknaden. Til saman har det meir enn erstatta det som gjekk tapt då marknaden for bygging av offshorefarty fall saman.

Familieigd

Nogva Motorfabrikk har åtte aksjonærar, der Norvoll er ein av dei. Dei fleste har adresse i Søvika.
Slik skal det også bli, etter Norvoll si vurdering.
- Så langt vi kan sjå i dag skal selskapet vere i privat og lokalt eige, seier han.

Kjøpte Molde-bedrift

I fjor kjøpte Nogvar Motorfabrikk 51 prosent av aksjane i Molde-bedrifta Heimdal Propulsion.

Heimdal Propulsion lagar gir og propellar akkurat som Nogva Motorfabrikk, men i større versjonar.
Vi har hatt vekst gjennom heile peridoden som har vore problematisk for dei fleste i maritim klynge

Publisert: 17.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24