Rekeseljar sjef trivst motstraums
GOD TRU: – Vi må få fram det reine og unike som er typisk for norske produkt, meiner Knut Helge Vestre. Han trur reker fangsta på kalde djup vil vere ein vinnar på matfronten i framtida.  
Nytt

Rekeseljar-sjef trivst motstraums

Då koronakrisa ramma, fann Coldwater Prawns of Norway ut at dei skulle satse på auka sal. Det er på eit vis logisk for ålesundselskapet.

Marius Rosbach
04.01.2021
– Vi starta som eit sal og marknadsføringsselskap i 2007 med eigarar som driv fiskeri. Så har vi gått derifrå, til også å drive med produksjon og fiske, fortel Knut Helge Vestre då NETT NO møter han og nestleiar Hege Furnes i lokala deira i vasskanten på Aspøya.
Det illustrerer eit av dei viktigaste poenga han har på hjartet – og som vi kjem tilbake til.
Leiarduoen har titlane CEO og COO, og saman med dei andre i Coldwater Prawns of Norway vil dei erobre verdsmarknaden for kaldvassreker. Begge ser på seg sjølve som optimistar, og likar dårleg å gi seg på ting. Då store delar av verda stengde ned i marsdagane 2020, og mange var mest opptekne med å strupe kostnader, var det aldri aktuelt hos rekeseljarane å permittere tilsette.
– Vi bestemde oss for at vi ikkje skulle ta det ordet i vår munn, og orienterte oss etter kvar ordrane var i marknaden, seier Vestre.
  • Dette er den siste i en serie reportasjar NETT NO har publisert som gratis smakebitar i jule- og nyttårsdagane.

    Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

  • Alle sakene er henta frå NETT NO-magasinet 2020 -


Kapra nye kundar

Restaurant- og hotellmarknaden, som til vanleg utgjer 40-50 prosent av omsetninga deira, forsvann over natta. I løpet av kort tid kasta dei seg rundt og sette opp kampanjar og ulike aktivitetar for kundar på butikkar og supermarknader.

– Slik fekk vi boost i salet. Samtidig jobba vi for å skaffe nye kundar, og i løpet av mars og april fekk vi nye kontraktar for store summar, fortel han.
Koronapandemien ga også eit oppsving i heimkøyrd mat i Kina. Det er noko Coldwater Prawns of Norway allereie har jobba mot i mange år.
– Der var vi inne og det har vore ei utruleg positiv utvikling for oss her, seier Vestre.
Volumet i eksporten til Kina er likevel beskjeden samanlikna med det som blir selt til USA og andre delar av Asia. I alt sel dei til eit 20-tals ulike land, og Europa er den viktigaste marknaden.

Direktestrøyming frå fabrikken

Eigarskapet er fordelt på fire - dei tre rekefiskeselskapa Olympic Seafood, Arctic Swan og Remøy Havfiske, i tillegg til Knut Helge Vestre sitt selskap Pandalus Invest. Dei tre eigarane står for knapt halvparten av råvarene dei sel. I tillegg kjøper dei frå andre.
Frå salskontora i Ålesund har dei full oversikt over kva som skjer ved fabrikken på Senja, der rekepillinga skjer maskinelt døgnet rundt fem til seks dagar i veka.
– Du kan sjå her, seier Hege Furnes og peikar på tv-skjerma på kontoret til Vestre.
Via direktestrøyming og kamera over store delar av fabrikken, kan dei følgje med. Ti tilsette som går tre skift i døgnet, passar på at alt fungerer som det skal. Kring 95 prosent er ordrestyrt og går rett i emballasje, før det blir skipa ut same veke. Dei understrekar at det ikkje er for å følgje med på dei tilsette, men på korleis produksjonen går.
– Det er også ein måte for oss å vere ein del av det som skjer der oppe, fortel Vestre.

Trur på vekst i Asia

Coldwater Prawns of Norway har hatt stor vekst i omsetninga dei siste åra. Når 2020 nærmar seg slutten, kan dei slå fast at inntektene også vil auke i «koronaåret».

Begge har ståltru på at reker hausta i kalde farvatn vil vere ein vinnar på matfronten framover – ikkje minst på den asiatiske marknaden.
Han påpeiker at Asia allereie er vande med å bruke reker, men det meste som blir selt er varmtvassreker frå oppdrett – som kostar langt mindre. Dei trur på å overtyde marknaden som er villig til å betale for reine og unike produkt.
– Rekene våre blir fangsta så djupt at ein unngår forureining, og det er eitt av verdas reinaste produkt. Eg trur at den mattryggleiken saman med miljøfokuset, vil bli viktigare enn det nokon gong har vore, seier Vestre.
Han åtvarar mot å skulle lære asiatane «vår måte» å bruke rekene på – og det same gjeld for all anna sjømat, meiner han.

– Nettopp der trur eg norsk fiskeri- og sjømatnæring har mest å lære i framtida: Å gå frå marknaden og tilbake – og ikkje motsett veg, avsluttar Vestre.

Les også:



Fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:




















Nettopp der trur eg norsk fiskeri- og sjømatnæring har mest å lære i framtida: Å gå frå marknaden og tilbake – og ikkje motsett veg 

Publisert: 04.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09