Reker fraa minus til pluss
VEKST: -Ein betydeleg vekst, sier Coldwater Prawns of Norway-sjef Knut Helge Vestre om utviklinga så langt i år.
Nytt

Reker frå minus til pluss

Coldwater Prawns of Norway veks, trass koronaepidemien.

18.05.2020
- 13. mars, etter at Erna stengte landet, bestemte eg og ho som er nestsjef at vi ikkje skulle tenke permittering, men kun sal, seier administrerende direktør Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway.
Konsernet produserer, sel og marknadsfører reker.
I fabrikken på Senja har dei 30 tilsette produsert for fullt, også etter at epidemien kom, medan konkurrentar i andre land har stengt eller redusert aktiviteten. Etterspørselen frå restaurantmarknaden har stupt, men selskapet har erstatta salet dit med auka sal til forbrukarmarknaden.
- Vi har så langt hatt ein betydeleg vekst, seier Vestre om utviklinga hittil i år.

Eigd av rekefiskarar

Coldwater Prawns of Norway er eigd av tre selskap som driv rekefiske; Olympic Seafood (kontrollert av Stig Remøy), Artic Svan (kontrollert av Einar Jan Remøy) og Remøy Havfiske (kontrollert av Olav Remøy), og Knut Helge Vestre sitt selskap Pandalus Invest. Dei fire eigarane eig 25 prosent kvar.
Coldwater Prawns Production er produksjonsselskapet, Coldwater Prawns of Norway er salsselskap og morselskap i konsernet.
I mai i fjor la fabrikken på Senja om fra to til tre skift. Det betyr at det er produksjon døgnet rundt, fem dagar i veka. Dermed får selskapet utnytta produksjonskapasiteten betre. Samstundes har rekefisket gått opp, og prisen på reker litt ned. I tillegg til effekten av ei langvarig merkevaraebygging er det til saman hovudårsakene til at konsernet snudde minus til pluss i 2019, i følgje Vestre.

Større interesse

Større kvotar og gode prisar har trekt fleire til rekefisket.
- Det var lenge lite interesse for å fiske reke - til og med 2017. Men så skjedde det ting i 2018. I fjor og i fjorfjor har det vore stor interesse, seier Tor Are Vaskinn i bransjeorganisasjonen Fiskebåt.
Han anslår av 10-12 trålarar fisk reke i Barentshavet i fjor.
Interessa er stor også i år, men i år har istilhøva gjort at rekefiskarane framleis ikkje har fått tilgang til dei mest attraktive felta.
13. mars, etter at Erna stengte landet, bestemte eg og ho som er nestsjef at vi ikkje skulle tenke permittering, men kun sal

Publisert: 18.05.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57