Rekdal ventar vekst
LØFT: Fleire bein å stå på og positive signal frå fleire marknadar gjer at Karl Inge Rekdal i Sykkylven trur på vekst i år og enda større vekst neste år. 
Nytt

Rekdal ventar vekst

Driftsinntektene til Sykkylven Stål har halde seg nesten uendra sidan 2010. No reknar selskapet med vekst.

20.06.2018
Dagleg leiar og storaksjonær Karl Inge Rekdal seier budsjettet i år er 10 prosent vekst. Nesten år trur han på 20 prosent, og med auka inntekter skal også lønsemda gå opp.
Frå og med 2010 til og med 2017 har driftsinntektene svinga mellom 48,5 og 42,8 millionar kroner.

Fleire bein

Selskapet var opphavleg først og fremst retta mot møbelindustrien, men snudde seg etterkvart mot maritim bransje.
Etter oljesmellen i 2014 har Sykkylven Stål arbeidd for å få enda fleire bein å stå på.
Grunnen til Rekdal sin optimisme no er teikn til opptur for bedrifta på fleire felt samstundes.

Møbeloppsving

Her det som skaper forventningar hos Rekdal:
Han ventar at møbelbransjen i år får eit løft av lavkronekurs, som styrkar konkurranseevna mot utlandet. Møbelprodusentane er framleis ein viktig kunde, og Sykkylven Stål vil tene på at det går betre for norsk møbelindustri.
Selskapet leverer ståldeler til produsenten av Jensen-madrasser. Leveransane byrja i fjor og mot slutten av året vil leveransane til madrassprodusenten nærme seg eit nivå på ti prosent av driftsinntektene på årsbasis, anslår Rekdal.
Sykkylven Stål lanserte i fjor sitt eigeutvikla stolskjelett i stål, der etterspørselen veks og selskapet er også optimistisk på vegne av satsinga si på skulemøblar.

Publisert: 20.06.2018 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23