Reiten Fiskarane maa halde saman
STERKT INNTRYKK: Samhaldet blant fiskarane mot kvotebankframlegget gjer inntrykk seier stortingsrepresentant Steinar Reiten. 
Nytt

Reiten: Fiskarane må halde saman

Fiskarane har slutta rekkene mot regjeringa sitt framlegg om ein statleg fiskekvotebank. Hald fram med det, er stortingspolitikar Steinar Reiten (Krf) sitt klare råd.

11.02.2020
Steinar Reiten sit i næringskomiteen som nettopp har starta arbeidet med regjeringa sitt framlegg til nye reglar for korleis fiskekvotane skal fordelast mellom fiskarane. Ein del av framlegget er at staten skal inndra ein del av kvotane når fleire kvotar blir samla på færre båtar. I neste omgang skal kvotane leigast ut og gi staten inntekter.

Norges Fiskarlag har tidlegare i haust gått mot kvotebanken, og i opptakta til debatten der fekk ideen om ein kvotebank sterke karakteristikkar.

Gjer inntrykk

Steinar Reiten var ein av innleiarane til debatt på Fiskebåt Vest sitt årsmøte i Fosnavåg i dag. Frå talarstolen oppmoda han fiskarane om på halde fram med å slutte rekkene om dei skal nå målet om å hindre at kvotebanken blir noko av.
- Det er fordi vi at når skal til å behandle denne stortingsmeldinga i næringskomiteen så vil det vere krevande utgangspunkt om det var sterke aktørar som i næringa som brukte denne anledninga til å fremme sine særinteresser, sier Reiten til NETT NO.
Reiten vil ikkje gi noko vurdering av om fiskerinæringa vil vinne fram, utover å understreke betydninga av samhald.
- Så lenge bestilllinga er så entydig som den er no så gjer den eit sterkt inntrykk, seier han.

Publisert: 11.02.2020 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47