Reiselivsvekst for nesten alle
FLEIRE GJESTAR: Reiselivsnæringa på Sunnmøre kan gle seg over vekst i nesten alle delar av bransjen. Til våren er styreleiar Bjarne Rekkedal (t,h.) og dagleg leiar Tom Anker Skrede vertar fpor Norwegian Travel Workshop, som kam gi regionen sjansen eit solid marknadsføringsløft.
Nytt

Reiselivsvekst for nesten alle

Hotella på Sunnmøre hadde ein vekst i besøket på 5,7 prosent pr. utløpet av november i fjor.

21.01.2019
Nesten alle deler av reiselivsnæringa på Sunnmøre hadde vekst i talet på overnattingar i fjor viser statistikken pr. årets 11 første månader samanlikna med same periode i 2017, viser tala frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Unntaket er campingplassar som basere seg på langtidsutleige, altså der campingvognene står fast på plassen året rundt, eller i det minste store deler av året. Den delen av bransjen hadde ein nedgang i talet på overnattingar med fem prosent.

Bobil størst

Om dei langtidsbuande campingvogneigarane sviktar kan campingplasseigarane gle seg over at det blir stadig fleire som kjem innom med bubil. Registrerte overnattingar i bubil var 9,8 prosent.
Det er den delen av reiselivsnæringa som hadde den største veksten i fjor.
Talet på overnattingsbesøkande som kjem farande med telt eller med campingvogn auka med 3,6 prosent. Hytteutleige auka med 0,2 prosent.

Fleire frå USA

Samla var det 4,2 prosent fleire overnatta på Sunnmøre pr. utgangen av november i fjor enn same periode i fjor.
For hotella var veksten 5,7 prosent.

Publisert: 21.01.2019 16:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30