Reiselivssjef ventar utflating i veksttakta
FÅR STERK TIL MODERAT VEKST: 2018 blir året reiselivsbedriftene må vise at dei klarer å oppretthalde etterspørselen som er utvikla etter høg vekst dei siste åra meiner Hotel Union-sjef Sindre Mjelva. Biletet er frå Geiranger sentrum i sommar. 
Nytt

Reiselivssjef ventar utflating i veksttakta

Den høge veksttakta i reiselivsnæringa er over for denne gang trur Kristian B. Jørgensen.

11.09.2017
Vestlandet er den store vinnaren i reiselivsnæringa i år. Samla sett er det stillstand i talet på besøkande, men i dei fire Vestlandsfylka peikar det framleis oppover viser juli-statistikken frå Statistisk Sentralbyrå.


Vestlandet har hatt ein årleg vekst på sju til 11 prosent dei siste åra seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norway som er det overordna reiselivsselskapet for heile Vestlandet.
Framover ventar han ein lågare veksttakt.

To til fire prosent

- Mi forventing er at vi får ein normalsituasjon, seier Jørgensen.
Basert på historiske erfaringar betyr det ein vekst på to til fire prosent årleg.
Jørgensen grunngjev si vurdering blant anna med at veksttakta dei siste åra har vore uvanleg høg. Det er ikkje valeg å klare å oppretthalde ein slik vekst over mange år.
Dessutan er gevinsten frå at valutakursutviklinga har gjort det billegare for utlendingar å kome hit i ferd med å bli tatt ut. Næringa får ikkje ekstra drahjelp av at valutakursutviklinga skal blir enda gunstigare for reiselivet framover.

Høgare nivå

Men Jørgensen understrekar at sjølv om vekst-takta blir lågare enn før vil veksten framleis vere stor.
To til fire prosent auke i trafikken framover vil skje på eit høgare nivå enn for få år sidan, slik at det blir relativt fleire nye turistar enn ein slik vekst ville gitt før vekttakta skaut i veret.

Må klare å halde på gevinsten

2018 blir det året der reiselivsbedriftene må bevise at dei klarer å halde på gevinsten - i form av fleire reisande - som dei har fått av ei gunstig valutakursutvikling dei siste åra, meiner Sindre Mjelva på Hotel Union i Geiranger.
Han er samd med Jørgensen sine vurderingar om at veksttakten vil gå ned.
No gjeld det å ta vare på den marknaden reiselivsnæringa har opparbeidd.
- Det blir litt spennande å sjå om produktet Noreg klarer å forsvare posisjonen sin, seier Mjelva.

Publisert: 11.09.2017 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13