Reiselivet kritisk til ny krisehjelp
BOM STOPP:  Geiranger Turbuss er mellom dei lokale bedriftene som har håpa på betre ordningar for sesongbedrifter. 
Nytt

Reiselivet kritisk til ny krisehjelp

Definisjonen på sesongbedrift er blitt meir snever enn fleire hadde venta.

25.05.2020
(NPK): Delar av reiselivsnæringa meiner regjeringa bommar med den nye ordninga si for kriseramma sesongbedrifter. Særleg kravet om at verksemda heilt eller delvis må gå føre seg utandørs, vekkjer reaksjonar.
Regjeringa lova å endre kompensasjonsordninga slik at ho treffer sesongbedrifter betre, men då endringa blei lagt fram viste det seg at definisjonen på sesongbedrift er blitt meir snever enn fleire hadde venta, skriv .
Slik definerer regjeringa ei sesongbedrift: Selskap som «yter tenester som inneber aktivitetar eller opplevingar som heilt eller delvis går føre seg utandørs, eller verksemder som er fullt knytt til desse, for eksempel restauranten midt i alpinbakken».

Les også:


– Treffer ikkje størstedelen av næringa

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord representerer meir enn 200 bedrifter langs Sognefjorden. Han er heilt usamd i definisjonen til regjeringa av ei sesongbedrift.
– Ordninga som regjeringa la fram for å hjelpe blant anna reiselivsnæringa i Noreg, treffer ikkje størstedelen av næringa, seier Brandshaug til E24.no.
Brandshaug viser til tal som illustrerer at omsetninga og sysselsetjinga i bedriftene han representerer i all hovudsak går føre seg innandørs, medan berre ein mindre del av verksemda går føre seg utandørs.

Vil ha inn sesongbaserte bedrifter

Reiselivsdirektøren meiner ordninga bør utvidast til å gjelde alle sesongbaserte bedrifter, inkludert dei som driv verksemd innandørs. Han meiner ho også bør forlengjast, slik at selskapa med høgsesong om sommaren blir inkludert.
Finansdepartementet opplyser at regjeringa er «godt kjent med» problemstillingane frå næringa og tar desse med seg i arbeidet med nye økonomiske tiltak som skal presenterast for Stortinget i månadsskiftet.
(©NPK)

Publisert: 25.05.2020 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57