Reiarane kjem ned fraa gjerdet
NED FRÅ GJERDET: Først sette reiarane seg på gjerdet. No ser næringsminister Monica Mæland snart ut til å få den effekten ho håpa på då regjeringa i august lanserte ei utvida  eksportkreditt-ordning, som også omfattar bygging av fiskebåtar, brønnbåtar, fraktefarty og ferjer som norske reiarar skal bruke i norske farvatn. Biletet er frå Mælands innlegg under Verftskonferansen 2017.
Nytt

Reiarane kjem ned frå gjerdet

I løpet av dei aller siste vekene har nølande reiarar slutta å nøle. Verfta kan vente fleire kontraktar før jul, seier Asle Strønen i Norske Skipsverft.

16.11.2017
Etter at regjeringa i august varsla at den ville lansere ei utvida og ny finansieringsording for norske reiarar som vil bygge i Noreg oppsto det eit vakum i marknaden.

Dei som låg an til å nyte godt at den nye ordninga, som omfattar fiskefarty, brønnbåtar, ferjer, passasjerbåtar og fraktfarty for innanriksfart, valde å sette seg på gjerdet og vente med å bestillle nye skip inntil dei såg korleis den nye ordninga ville sjå ut.
Det endlege svaret kjem først etter at framlegget - som er ein del av framlegg til statsbudsjett for 2018 - har vore gjennom behandlinga i Stortinget. Men i løpet av eit par veker har administrerande direktør Asle Strønen i sals- og marknadsføringsorgnisasjonen Norske Skipsverft registrert eit skifte i stemninga. Reiarane har hoppa ned frå gjerdet.

Brukbart år

Før verftsnæringa samla seg til den årlege Verftskonferansen i Ålesund 7. og 8. november i år var det offentleggjort kontraktar for 10 milliardar kroner hos norske skipsverft.
Etter det har både , og offentlegjort nye oppdrag. Berre Brødrene Aa har gått ut med kontraktsprisen (250 millionar kroner). NETT NO anslår at Ulstein-kontrakten er over milliarden og at dei tre kontraktane samla sett gjer at ordreinngangen for norske verft no mellom 12,5 og 13 milliardar kroner.
Strønen trur det blir meir. Han vil ikkje talfeste beløpet, men seier han ventar at 2017 skal ende som eit "godt år" for verfta. Kontraktane er mindre, men fleire, og spreidd på fleire verft enn tidlegare.

Kan få garantiar

Strønen ventar at kontraktane som blir inngått på denne sida av årsskiftet i hovudsak blir kontraktar som ikkje baserer seg på finansiering frå Eksportkreditt gjennom den nye ordninga.
Den nye ordninga omfattar både finansiering frå Eksportkreditt og garantiar frå GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt). GIEK kan allereie no gi garantiar for finansiering for farty som norske reiarar skal bygge for bruk i innanlandstrafikk. Det er det som gjer at mellom andre Fjord 1-sjef Dagfinn Neteland seier det er sannsynleg at reiarlaget vil inngå nye kontraktar allereie i år.

Klarsignal i desember

Den som også vil ha finansiering gjennom Eksportkreditt kan søke no - men vente til statsbudsjettet er vedtatt - før det blir skrive kontrakt, sa Eksportkredittsjef Otto Søberg til NETT NO under verftskonferansen.

For Eksportkredittfinansieringsordinga er reglane slik at søknaden om finansiering må vere registret som mottatt før kontrakt kan signerast.
Eksportkreditt har allereie fått fleire søknadar om finansiering etter den nye ordinga, men startar ikkje å handsame dei før statsbudsjettet er klart og det såkalla tildelingsbrevet, som er det formelle startsignalet frå regjeringa er på plass. Det vil det vere i desember ventar Eksportkreditt.

Starta prosessen

Sjølv om dei som søkjer og finansiering gjennom Eksportkreditt ikkje kan vente svar på søknade før langt ut i 2018, ser Strønen ei klar endring i stemninga.
Reiarar som planlegg å bygge nytt - og som venta på avklaringar om den nye ordninga - har no hoppa ned frå gjerdet og starta prosessen fram mot forhandlingar og det som kan bli signering av nye kontraktar for verfta.

Publisert: 16.11.2017 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16