Regjeringspartia kuttar 100 millionar til riksvegar
KUTT: Regjeringspartia kuttar riksveginvesteringar med 100 millionar kroner i neste års statsbudsjett samanlikna med framlegget til Regjeringa.
Nytt

Regjeringspartia kuttar 100 millionar til riksvegar

Halvparten av dei 200 millionar kronene regjeringspartia på Stortinget bruker på prioriterte formål i 2020-budsjettet, blir henta frå kutt i riksveginvesteringane.

14.11.2019
NPK-NTB: Det viser Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF på Stortinget presenterte denne veka. I avtalen flyttar partia på 200 millionar kroner samanlikna med det opphavlege budsjettforslaget frå regjeringa, men utan å auke ramma.
Det er ikkje nærare spesifisert nøyaktig kvar kutta til riksveginvesteringar skal takast, eller kva for konsekvensar det kan få.
– Dette er ein post på drygt 13 milliardar kroner. Vi meiner det er mogleg å kutte 100 millionar der, utan at det går ut over pågåande utbyggingsprosjekt, seier Frps finanspolitiske talsperson Sivert Bjørnstad til NTB.
– Vi ber fagkomiteen presisere ytterlegare i budsjettinnstillinga si, legg han til.
Elles er dei største kutta frå stortingspolitikarane 40 millionar kroner i redusert tilsegnsramme i ordninga med tilskot til utleigebustader, 20 millionar mindre til gåveforsterkingsordninga og 15 millionar mindre til momskompensasjon for frivillige organisasjonar.
Det blir dessutan løyvd 10 millionar kroner mindre til arbeidet med Fedje-ubåten. Samtidig har regjeringspartia redusert løyvinga til energi- og petroleumsforsking under Noregs forskingsråd.

Publisert: 14.11.2019 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44