Reduserte inntekter betre resultat
SULESUND: Fjord1 investerer for 1,8 milliradar kroner i nye ferjer i år, i tillegg til 646 millionar i nye kaianlegg og infrastruktur. Her frå Sulesund.
Nytt

Reduserte inntekter - betre resultat

Gevinst på aksjesal bidrog til at Sævik-familien sitt selskap Havilafjord betra resultatet i andre kvartal.

23.08.2019
Selskapet Havilafjord vart oppretta i samband med at Sævik-familien kjøpte seg opp i Fjord1, der Havilafjord sit på 51,5 prosent av aksjane.
Størsteparten av investeringane i Havilafjord er knytte til Fjord1.
I andre kvartal vart inntektene på 688,5 millionar kroner, ned frå 785,6 millionar i same kvartal i fjor.

Aksjegevinst

Resultatet før skatt enda på 105,3 millionar kroner, opp frå 68,6 millionar kroner i andre kvartal i fjor.
Ein viktig grunn til resultatauken er gevinst på realisasjon av aksjar på 31,1 millionar kroner.
Hittil i år er den samla omsetninga på 1328 millionar kroner, og resultatet før skatt på 87 millionar kroner.
Samla eigenkapital er på 1,6 milliardar kroner, og langsiktig gjeld på 4,3 milliardar.

Catering i pluss

Rundt 90 prosent av inntektene kjem frå ferjedrift, resten fordeler seg på passasjerbåtar, catering og turisme.
Med unntak av passasjerbåt-satsinga, går alle delene i pluss. På passasjerbåtar er tapet hittil i år på 0,3 millionar kroner av ei omsetning på 56 millionar.
Også catering går så vidt i pluss etter ei samla omsetning hittil i år på 62 millionar, medan turismesatsinga har gått 0,7 millionar i pluss av ei omsetning på 10 millionar kroner.
Inntektene frå ferjedrifta hittil i år er på 1191 millionar kroner.

Ferjesatsing til 1,8 milliardar

Fjord1 har på gang eit omfattande nybyggingsprogram, og skal byggje nye ferjer for vel 1,8 milliardar kroner i år.
I tillegg kjem investeringar i kaianlegg og infrastruktur på 646 millionar kroner.

Publisert: 23.08.2019 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38