Redusert men ikkje null i utbytte
REDUSERT OG HALVERT UTBYTTE: Trond Nydal i Sparebanken Møre (t.v.) sitt styre føreslår å redusere utbytte frå 17,5 til 14 kroner per eigenkapitalbevis. Generalforsamlinga til Trond Teigene (t.h.) i Sparebanken Sogn og Fjordane får eit forslag som halverer utbytte frå 8 til 4 kroner. 
Nytt

Redusert - men ikkje null i utbytte

Verken Sparebanken Sogn og Fjordane eller Sparebanken Møre vil kutte utbyttet heilt, men ha råd til å støtte lokale lag - og bedrifter.

Marius Rosbach
26.03.2020
Finanstilsynet fekk ikkje viljen sin om eit mot å ta utbytte. Men Finansdepartementet , til den store usikkerheita kring koronautbrotet var redusert, ifølge til tilsynet.
Samtidig påpeika finansminister Jan Tore Sanner i ei at eit forbod ville ramme små sparebankar og deira gåver til lokale lag og foreiningar.

Halvert – men ikkje null

Styret i Sparebank Sogn og Fjordane vil vurdere Finansdepartementet si oppmoding, om å avstå heilt frå utbytte i denne omgang. Men når generalforsamlinga til banken samlast fredag, har styret halvert sitt forslag til utbytte – frå om lag 170 millionar, til kring 85 millionar, fortel banksjefen.
– Vi har argumentert for å ha eit vist utbytte, og opplever at vi då har lagt oss på eit nivå som tok innover oss oppmodinga Finanstilsynet kom med i utgangspunktet, seier administrerande direktør Trond Teigene i Sparebank Sogn og Fjordane til NETT NO.
Generalforsamlinga skal ta stilling til eit forslag om å halvere utbytte frå 8 til 4 kroner per eigenkapitalbevis.

Vil ha råd til å gi gåver

Banken er i hovudsak eigd av to stiftingar som har to formål; å vere bankeigar og handtere gåveinstituttet. Teigene peiker på at den lokale sparebanken er i ei særstilling samanlikna med mange - ved at 99,7% av utbyttet går til desse to stiftingane.
– Vi ønsker å ha kapasitet til å støtte kultur, lag og organisasjonar – men også næringstiltak. Det er ein del av den dugnaden som skal til for å halde hjula i gong framover, seier banksjefen.
Han understrekar at ingen veit kor lenge situasjonen vil vare, men at banken no kan gjere dette utan å tære på reservane. Dei var mellom fleire lokale bankar som melde om rekordresultat då 2019-tala kom i vinter.

Bakgrunn:



Utsette generalforsamling

Sparebanken Møre skulle eigentleg ha generalforsamling onsdag, men har utsett den til 16. april. I sakspapira til møtet som blei publisert i ei torsdag ettermiddag, er utbyttet redusert i høve den opphavelege planen.
I staden for 17,50 kroner per eigenkapitalbevis, har styret føreslått 14 kroner.
– Styret har gjort sin vurdering basert på utspelet frå Finanstilsynet i førre veke. Vi er ein bank der halvparten er eigd av samfunnet gjennom grunnfondet. For oss er det viktig at vi framleis kan støtte lag og organisasjonar, seier administrerande direktør Trond Nydal til NETT NO.
Han påpeiker at dei samtidig skal likebehandle eigarane av eigenkapitalbevisa.

Les meir:


Snudde om dato for rentekutt

Torsdag sendte Sparebanken Møre også ut melding om at eksisterande kundar får redusert renta på bustadlån frå 8. april.
Fleire bankar har fått kritikk for at dei sette fristen fleire veker fram i tid, medan andre kutta renta med ein gong. Sparebanken Møre var blant dei t – til 2. mai.
Både dei og andre bankar snudde, men Nydal understrekar at det er urolege marknadsforhold og krevjande å sette renta.
– Mange faktorar spelar inn, og vi strekk oss langt i å hjelpe kunden i ein slik situasjon. Det er resultatet av det vi ser no, ved at vi setter ned renta fleire veker tidlegare, seier han.

Les også:


Ifølge bankdirektøren er det ikkje mogleg for dei reint teknisk å sette ned renta på dagen, utan at han har detaljkunnskap om kor mange dagar som trengst.
Fleire bankar har også peika på at NIBOR-renta som regulerer marknaden bankane lånar i, har gått ned langt mindre enn styringsrenta til Norges Bank.

Stor pågang med kundar

Nydal fortel at dei har travle dagar for å sikre at både nettbank, mobilbank og andre betalingssystem fungerer. Å sørge for at rådgjeverande er tilgjengelege – i første rekke via nett – er også ei prioritering.
– Vi har veldig stor pågang av kundar, og vi jobbar heile tida for å halde organisasjonen fullt operativ. Alt er ikkje heilt som normalt, men vi er bortimot full bemanna, seier han.

Les også:



Publisert: 26.03.2020 17:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55