Redningspakke for Havila Shipping
AVTALE: Restruktureringsavtale for adm. dir. Njål Sævik og Havila Shipping.
Nytt

Redningspakke for Havila Shipping

Sævikfamilien går inn med 100 millionar kroner, og selskapet har fått på plass femårig avtale.

30.06.2020
Havila Shipping melder tysdag at selskapet har fått på plass ein omfattande restruktureringsavtale med långivarane.
No blir det kalla inn til obligasjonseigarmøte og ekstraordinær generalforsamling for å behandle forslaget for selskapsgjelda og andre element i avtaleforslaget.

Sikrar framleis kontroll

Sentralt er uansett at hovudeigar Havila Holding går inn med eit konvertibelt likviditetslån på 100 millionar kroner.
Lånet kan eller skal konverterast til aksjar for å oppretthalde Sævikfamiliens eigarskap i selskapet.
Havila Holding eig i dag 50,96 prosent av Havila Shipping.

4,2 milliardar i gjeld

Havila Shipping opplyser i tysdag at avtalen er utforma med tanke på å oppretthalde ei likviditetsbehaldning på 175 millionar kroner gjennom avtaleperioden.
Selskapet har ei samla gjeld på 4,2 milliardar kroner, og har lenge hatt problem med å handtere gjelda.
Den nye avtalen omtalar i detalj korleis gjelda tilknytt kvart enkelt skip skal handterast.
Sentralt er det at gjelda blir delt inn i to transjer, der den eine på 3,1 milliardar kroner er renteberande og den andre på 1,1 milliardar kroner ikkje er renteberende.
Rente- og avdragsbetaling for skipa vert knytt opp til innteninga. Dersom eit skip ikkje har tilstrekkeleg inntening til å betene gjelda, så vert dette overført til gjelda som ikkje er renteberande.

Stor positiv effekt

Avtalen gir ei positiv resultateffekt på 986 millionar kroner, som vil bli innarbeidd i reknskapen for andre kvartal 2020, under føresetnad av at avtalen blir vedtatt i dei besluttande organa.
Selskapet har fått tilslutning til løysinga frå obligasjonseigarar som representerer meir enn 2/3-deler av uteståande obligasjonar i obligasjonslånet HAVI 04 tilknytta Havila Clipper, og HAVI 07 tilknytta Havila Subsea.
Administrerende direktør Njål Sævik seier i ei pressemelding frå selskapet at han er veldig letta etter å ha forhandla frem ei sannsynleg løysing.
- Sjølv om dette har vorde harde forhandlingar, vart resultatet positivt.
- Våre tilsette på skipa og våre folk på land kan no føle seg mykje tryggare.

Trur på offshorebransjen

Han seier at det ikkje er aktuelt å gå ut av offshorebransjen.
- Det har vore nokre tøffe år for alle i bransjen - også for oss. Vi har framleis tru på offshorebransjen. Dagens avtale styrkar vår tru på fremtida, seier Sævik.

Publisert: 30.06.2020 14:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55