Redda kamskjeldykkar
ORKNØYANE: Mannskapet på Olympic Challenger redda ein kamskjeldykkar søndag.
Nytt

Redda kamskjeldykkar

Mannskapet på Herøy-båten Olympic Challenger redda søndag ein kamskjeldykkar utanfor Orknøyane.

19.04.2017
Ifølgje vart det slått alarm klokka 14 søndag etter at kamskjeldykkaren ikkje kom tilbake til dykkarbåten sin i tide.
Båtar i området vart oppmoda om å hjelpe til, og Olympic-skipet Olympic Challenger kom raskt til unnsetning.
Mannen hadde dykka etter kamskjel i Strong Fifth, som ligg mellom Stronsay og Eday på Orknøyane.

To timar i sjøen

Olympic Challenger var på eit oppdrag for - European Marine Energy Center - eit forskingssenter som er av dei leiande innan forsking på bølgjekraft.
Ifølgje nettstaden vart den sakna dykkaren oppdaga etter å ha lege i sjøen i to timar. Dykkaren var då 5 engelske mil - rundt åtte kilometer - unna sin eigen dykkarbåt Courage.

Bergingsbåt

Dykkaren vart henta av mannskapet på Olympic Challenger, som rykte ut med ein hurtiggåande bergingsbåt.
Orcadian opplyser at mannskapet er trena i førstehjelp, men at dykkaren var i god form etter bergingsoperasjonen.
Olympic Challenger er eit 105,9 meter langt fleirbruksskip.
Om bord er det eit mannskap på 12 nordmenn og seks filippinarar.
Båten er no tilbake i arbeid for EMEC.

Publisert: 19.04.2017 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08