Rauma satsar paa strikkerobot
ALT I EITT: Den nye strikkeroboten sparer Rauma Ullvarefabrikk for den tidkrevande og manuelle monteringsjobben i genserproduksjonen. 
Nytt

Rauma satsar på strikkerobot

Rauma Ullvarefabrikk aukar satsinga på strikkaplagg med robotstrikking.

13.02.2018
I fjor kjøpte Rauma Ullvarefabrikk på Veblungsnes siste nytt frå den japanske strikkerobotprodusenten Shima Seiki - ei strikkemaskin som strikkar heile plagget i eitt stykke.
Det sparer selskapet for den tidkrevande monteringsjobben, der dei ulike delane på ein genser må syast eller strikkast saman for hand.
- Framleis er det ein del handarbeid som må gjerast, men det mest tidkrevande er tatt (av maskina, red. merk), seier administrerande direktør Arnstein Digernes.

Avgjerande teknologi

Rauma UIllvarefabrikk er mest kjend for å produserer strikkegarn, men satsar og på å bli ein leverandør av ferdig strikkaplagg. For den satsinga er den nye teknologien avgjerande, i følgje Digernes.
- Viss vi ikkje hadde hatt denne teknologien her så hadde det ikkje vore aktuelt å forsette, seier han.
Rauma Ullvarefabrikk sysselset 35 årsverk på Veblungsnes og fire-fem av dei driv strikkeverksemda.

Fleire maskiner

Den første maskina kom på plass i fabrikken før sommaren i 2017.
Prislappen for den over eitt tonn tunge maskina er mellom 1,5 og to millionar kroner. Rauma Ullvarefabrikk har ytterlegare to slike maskiner i bestilling, seier Digernes.
Det er mange år sidan Digernes såg dei første maskinene som kunne strikke plagg i eitt stykke, og fabrikken har i fleire år også hatt mindre maskiner for strikking av småplagg som huver.
Men det er først med den maskina som står i fabrikken no at teknologien er utvikla så langt at den kunne takast i bruk for Rauma Ullvarefabrikk.

Spent på utviklinga

- Det er spennande å sjå kva det kan utvikle seg til, seier Digernes om framtida for strikkeproduksjonen hos garnprodusenten.
Lars Einar Riksheim i Amatec i Sykkylven, som er forhandlar av mellom anna strikkerobotar, sa til NETT NO i 2016 at han meiner den nye strikketeknologien opnar for å reetablere ein norsk strikkeindustri.

Riksheim er og ein av initiativtakarane til strikkesenteret i Sykkylven, som arbeider for å utvikle kompetanse i korleis den nye strikketeknologien kan brukast av andre bransjar. Blant bidragsytarane til senteret er og leverandøren av strikkerobotar til Rauma Ullvarefabrikk.

Publisert: 13.02.2018 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18