Raude tal for Havila i fjor igjen
HAVILA-KONSERNET: Per og Njål Sævik ventar ein aukande aktivitet i framtida og dermed aukande verdi av selskapet sine eigedelar over tid. 
Nytt

Raude tal for Havila i fjor igjen

Store nedskrivningar øydelagde resultatet til Havila Holding-konsernet også i fjor.  

Kristin Vidhammer
18.07.2017
Havila Holding eigde ved årsskiftet 51 prosent av børsnoterte Havila Shipping, som driv 27 offshorefarty, 67 prosent av ferjeselskapet Fjord 1, 57,7 prosent av børsnoterte Havyard Group asa, eigedom gjennom mellom anna Havila Ariel, samt eigarpostar i fiskefarty o.l.
Konserntala er prega av store nedskrivingar både i 2015 og 2016 som følgje av at utfordringane innan offshore og påverkar resultatet i stor grad.
Les også:
Driftsinntektene vart i fjor 3,8 milliarder kroner, mot 3,6 milliarder året før. Nedskrivingar på 937 millioner kroner i fjor gjorde at driftsresultatet vart negativt med 483 millioner kroner. Resultatet før skatt vart eit underskot på 928 millioner kroner (sjå tabell).
Les også kommentarane frå Per Sævik til fjorårstala her:
Ser ein på kontantstrømmar og likvider, hadde konsernet i fjor ein netto kontantstrøm frå operasjonelle aktiviteter på 727 millioner kroner, mot 869 millioner året før.
Ved årsskiftet hadde konsernet ei behaldning av kontanter o.l. på nærmare 1,5 milliarder kroner.

Inntekter frå forretningsområda

Konsernet hadde i fjor driftsinntekter frå offshore/skipsfart på over 1,1 milliarder. Driftsinntektene frå eigedom var 136 millioner kroner og frå skipsverft/design var driftsinntektene nesten 2 milliarder kroner.
Frå ferge og passasjerbåt-området var driftsinntektene på 477 millioner. Fjord 1-konsernet vart konsolidert inn i Havila Holding-konsernet med verknad frå 01.09.2016. Dersom Fjord 1 hadde vore konsolidert inn allereie frå 1. januar, hadde driftsinntektene frå dette forretningsområdet vore på nærmare 2,2 milliarder kroner.
Styret skriv at dei vurderer markedsrisikoen innan hovedsatsingsområdene som begrensa på mellomlang sikt. Dei ventar ein aukande aktivitet i framtida og dermed aukande verdi av selskapet sine eigedelar over tid.

Eigenkapital i konsern og mor

Havila Holding-konsernet hadde ved årsskiftet bokførte eigedelar på 12,8 milliarder kroner, ein bokført eigenkapital på 180 millioner kroner og bokført gjeld på 12,6 milliarder kroner. Gjeld sikra ved pant var i overkant av 9,2 milliarder kroner ved årsskiftet.
Morselskapet har ein bokført egenkapital på ca. 550 millioner kroner, som tilsvarer ein eigenkapitaldel på over 48 prosent. Den pantesikra gjelda var på 33 millioner kroner ved årsskiftet.
Etter årsskiftet har Havila Shipping gjennomført ei refinansiering, noko som har bedra eigenkapitalen i Havila Shipping med ca. 1,5 milliarder kroner.

Venter betydelege bidrag frå Fjord 1

I mai selde dotterselskapet Havilafjord 48,5 prosent av Fjord1, som i kombinasjon med utøving av kjøpsopsjon og notering på Merkur Market ved Oslo Børs, gjer at Havilafjord no sit på 51,5 prosent av aksjene. Styret skriv i årsmeldinga at det er venta eit betydeleg resultatbidrag frå denne transaksjonen i 2017.
Les også:
Konsernet hadde ved årsskiftet omlag 2.200 tilsette totalt ifølgje styret si årsmelding.
Havila er eigd av Per Sævik med 10 prosent og borna Njål, Vegard og Hege med 30 prosent kvar.
Havila eig 33,3 prosent av Bakkar og Berg Media, som står bak NETT NO.

Publisert: 18.07.2017 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12