Rakettvekst for Ko Ko
SUKSESS: Ko&Ko-grunnleggar Stine Elisabeth Goksøyr (t.v.) og medarbeidar Kristin Smådal Hide lanserer nye modellar kvar veke. Selskapet vurderer fleire tilsetjingar for å ta unna salsauken.
Nytt

Rakettvekst for Ko&Ko

Klesdesignar Stine Elisabeth Goksøyr ligg an til å meir enn doble salet på to år. 

09.08.2017
Ko&Ko håpar å passerer 12 millionar i driftsinntekter i år.
Frå første heile driftsår i 2012 til og med 2014 låg driftsinntektene til Ko&Ko stabilt i overkant av fem millionar kroner.
I fjor auka selskapet - som først og fremst er kjent for sine fargerike kjolar - driftsinntektene til 8,4 millionar kroner. Etter ein god start på 2017 er det forsiktige budsjettet for dette året minst 12 millionar kroner.
Veksten i fjor vart kombinerte med den beste lønsemda sidan starten (sjå tabell).

Prøving og feiling

Der er mellom anna effekten av erfaringa frå fleire år med prøving og feiling som slår ut.
- Vi har brukt mykje tid på å plukke vekk det som ikkje fungerer, seier eigar og dagleg leiar Stine Elisabeth Goksøyr.

Internett og små seriar

Ei anna årsak til veksten er hyppig lanseringar av nye modellar i små seriar, kombinert med marknadsføring via internett og sal gjennom nettbutikken - som står for omlag 80 prosent av salet til selskapet.
I starten lanserte Goksøyr to kolleksjonar i året.
- No utviklar vi nye kolleksjonar kvar veke, seier Goksøyr.
Det er snakk om ein til fem modeller i veka.

To produsentar

I 2015 kom Goksøyr i kontakt med ei klesprodusent i Polen som kunne produserer i små seriar på kort varsel. Det var viktig får å få til den kjappe lanseringstakten, samstundes som ein leverandør i Litauen lagar plagg i større seriar med lengre leveringstid.
I Herøy blir modellane teikna på datamaskin, og Goksøyr ser som oftast ikkje det fysiske produktet før det kjem som stoffprøve eller prototype i posten.
Selskapet er nettopp utvida tre tilsette og den store veksten gjer at Goksøyr vurdere ytterlegare eit tilsetjing i løpet av hausten.

Publisert: 09.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 18.05.2021 05:48

Mer om