RS Idar Ulstein send til Sverige
REPARASJON: RS Idar Ulstein er send tilbake til byggjeverftet i Sverige etter at skøyta gjekk på land på Grytastranda i Haram.
Nytt

RS Idar Ulstein send til Sverige

Redningsskøya Idar Ulstein vert no undersøkt på det svenske byggjeverftet etter kollisjonen med eit naust på Grytastranda. 

02.01.2019
- Det skal no gjerast ein fullstendig sjekk av skøyta. Vi håper at skadane ikkje er så omfattande at skøyta vert kondemnert.
Det seier regionleiar Bertil Holen ved Redningsselskapet i Ålesund.
RS Idar Ulstein vart frakta med lekter til byggjverftet Swede Ship Marine i Djupvik nord for Göteborg.

- Kunne gått ille

Skøyta traff land ved Grytastranda i stor fart 29. november etter at skipperen om bord fekk eit illebefinnande.
Om bord var to andre tilsette, men dei var då opptatt av å reparare skader etter ei dykkerulukke.
- Dette kunne gått skikkeleg ille, men heldigvis gjekk det rimeleg bra med alle dei tre om bord, seier Holen.

Ulstein-pengar

Etter eit hopp på eit svaberg, stoppa redningsskøyta til slutt på eit naust.
- RS Idar Ulstein er flaggskipet i flåten, og vi vil gjerne ha denne skøyta tilbake hit så fort som muleg, seier Holen.
Ulstein-familien har bidratt tungt økonomisk til bygging av redningsskøyta.
Totalt gjekk familien inn med rundt 22 millionar kroner.

Medan RS Idar Ulstein er ute av drift er skøyta erstatta med RS Hans Herman Horn, Redningsselskapet si nyaste skøyte i Idar Ulstein-klassen.
Vi håper at skadane ikkje er så omfattande at skøyta vert kondemnert

Publisert: 02.01.2019 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30