Qumei nesten i maal
JA FRÅ FOLKETRYGDFONDET: Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group på besøk hos Ekornes 23. mai i år. No har Folketrygdfondet sagt ja til å selje. Til høgre leiar Else Marie Rønning i Nito-klubben hos Ekornes.
Nytt

Qumei nesten i mål

Har over 48 prosent i Ekornes.

09.11.2018
Folketrygdfondet seier ja til å selje aksjane sin i Ekornes til det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing Group.

Folketrygdfondet eig 10,5 prosent av aksjane i Ekornes.
Ja frå Folketrygdfondet betyr at Qumei Home Furnishing Group no kontrollerer, eller har fått lovnad om å kjøpe, tilsaman 48,77 prosent av aksjane i Ekornes.

Manglar 6,8 prosent

Kinesiske Qumei Home Furnishing Group Co Ltd offentleggjorde 23. mai eit bod på 139 kroner pr. aksje og at selskapet vil kjøpe alle aksjane i Ekornes. Bodet er sett fram i samarbeid med eit anna kinesisk selskap, Huatai Zijin Investment Co., Ltd.
Vilkåret for bodet er at dei to samarbeidspartnarane får hand om minst 55,57 prosent av aksjane og med Folketrygdfondet si ja til sal manglar dei to kinesiske selskapa 6,8 prosent av aksjane for at bodet skal vere gjeldande.

Kjøpte i marknaden

Då bodet på Ekornes blei offentleggjort i mai hadde Qumei fått ja frå eigarane av til saman 25,65 prosent av aksjane.
Største eigar, det svenske investeringsselskapet Nordstjärnan med 17,24 prosent av aksjane hadde sagt ja, saman med mellom andre medlemer i Ekornesfamilien.
Etterpå har Qumei kjøpt aksjar over børs, slik at selskapet hadde kontroll på 38,27 prosent før Folketrygdfondet bestemte seg for å selje.

Frist mandag

Fristen for å svare på det kinesiske bodet går ut mandag 16. juli. Bodet verdset Ekornes til 5,1 milliardar kroner.
Folketrygdfondet er tredje største eigar i Ekornes.
Nest største eigar er det spanske investeringsselskapet Alantra, med til saman 11,46 prosent av aksjane.

Publisert: 09.11.2018 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24