Punktum for MJ Eigendom konkurs
TOMT: Denne tomta i Herøy var det største aktiva då MJ Eigedom gjekk konkurs i 2016. No er konkursbehandlinga over.
Nytt

Punktum for MJ Eigendom-konkurs

Ingen omstøylege disposisjonar etter konkursen, i følgje burevisor.

14.06.2019
MJ Eigedom, som skifta namn frå Olympic Holding like før det blei opna konkurs i selskapet i desember 2016, var holdingselskapet for fleire av Stig Remøy sine verksemder, mellom anna offshorereiarlag og krillsatsing.
No er sluttmeldinga etter konkursen klar.
Kombinasjonen av nedtur i offshoremarknaden og store vanskar i krillmarknaden gjorde at det blei forhandlingar om refinansiering av begge dei verksemdene. Som ein del av prosessen med refinansieringa og omorganiseringa i Olympic Holding-systemet - som mellom anna sikra vidare drift for skipa - melde MJ Eigedom oppbod.

Ikkje omstøylege disposisjonar

Helge A. Østvold har vore burevisor, Thore Heggen bustyrar.
Under bubehandlinga har Østvold bedt om at fleire disposisjonar i samband med omorganisering av verksemda i MJ Eigedom-systemet (då Olympic Holding) før konkursen blei vurdert.
I sluttmeldinga etter konkursen er konklusjonen at det ikkje er grunnlag for å omstøyte disposisjonar som blei gjort: "vurderingane er etter det opplyste blitt vurderte også av panthavarane med bistand av ekstern revisorkompetanse utan at det har kome fram opplysningar til grunnlag for ytterlegare oppfølging av spørsmålet," heiter det i sluttmeldinga.

Tok over eigedomen

Ved konkursopninga i 2016 hadde selskapet ei gjeld på 370 millionar kroner og eigde ei tomt på Mjølstadneset næringsområde i Herøy kommune.
Samla krav til konkursbuet var 549 millionar kroner.
Tomta blei kjøpt av fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik tidlegare i år etter at Stig Remøy sine tidlegare partnar i krillsatsinga, mellom andre Ervik Marine Services i Ålesund, hadde tiltrådt sitt pant i tomta.

Pantet var på over 20 millionar kroner, men tinglyst verdi på tomta var 7,7 millionar kroner.

Krillkonkurs

Bubehandlinga etter konkursen i MJ Eigedom er gjort samstundes med bubehandlinga etter konkursen i krillfiskeselskapet Emerald Fisjeries.
Sluttmeldinga etter den konkursen var ferdig i starten av mai. Heller ikkje der fann bustyrar omstøytlege disposisjonar.

Publisert: 14.06.2019 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36