Publikumssuksess for Loen Skylift
FINT BESØK: Dronning Sonja, hotelldirektør Richard Grov og konferansier Arne Hjeltnes under opning av gondolbanen i Loen 20. mai. 2017.
Nytt

Publikumssuksess for Loen Skylift

Loen Skylift har allereie no fleire besøkande enn budsjettert med for heile 2018.

09.10.2018
Forventingane i Loen Skylift-budsjettet var 100.000 betalande i år. Så langt har rundt 110.000 løyst billett, seier sals- og marknadsføringsansvarleg Odd Rune Flo.
Gondolbana frå fjorden til toppen av fjellet Hoven blei ein publikumsuksess frå første dag.

Utbytte

Bana blei opna av Dronning Sonja i mai i fjor og reknskapen for 2017 viste 37 millionar kroner i driftsinntekter og eit overskot før skatt på 11,8 millionar kroner.
Selskapet betalt ut 7,3 millionar kroner i utbytte i fjor.
Resultatet for 2018 kjem an på kor store investeringa som blir gjort, men inntektene kjem i alle fall til å auke samanlikna med i fjor, i følgje Flo.
I vitner hadde gondolbanen og restauranten på toppen ope fredag, laurdag og søndag. Komande vinter blir det vurdert å starte tidlegare med utvida opningstider enn selskapet hadde i fjor, i følgje Flo.

Kjøpte ut

Resultatet i 2017 overraska administrerande direktør Richard Grov i Hotel Alexandra-konsernet.
I vinter som var kjøpte konsernet ut Nordfjord Kjøtt for 42,5 millionar kroner, det dobbelt av det Nordfjord Kjøtt hadde skote inn i Loen Skylift.

Etter kjøpet sa Richard Grov at hotellet hadde hatt eit ønskje om å kjøpe seg opp i selskapet, men han ikkje trudde at gondolselskapet ville vise så gode tal at det var attraktivt for øvrige eigarar å selje aksjar alt i år. Det ville skje først i 2019, trudde Grov.

Publisert: 09.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26