Protesterer mot vegstasjon kutt
PROTESTERER: Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre og i Ålesund, med Jan Thormodsæter (biletet) i spissen går saman for å hindre kutt i tenestene på trafikkstasjonen i Ørsta.
Nytt

Protesterer mot vegstasjon-kutt

Næringsforeiningar vil halde på tilboda frå trafikkstasjonen i Ørsta.

20.01.2021
"Vi ber med dette om at tenester som krev fysisk oppmøte vert vidareført også ved Ørsta Trafikkstasjon. Intensjonen til Regjeringa om å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet, treff ikkje heilt i vår region når slike tenester vert flytta langt bort og ein i tillegg vert avhengig av ferje for å nå dei", skriv Nettverk for samferdsel, Sunnmøre i eit brev til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
Framlegget frå Statens Vegvesen er å flytte tenester som i dag blir gjort i Ørsta til trafikkstasjonen i Ålesund, Nordfjordeid eller Førde.
Det er tenester som framleis bør kunne utførast i Ørsta av omsyn til at 50.000-60.000 personar på Søre Sunnmøre ellers må bruke ferje eller køyre langt for å få dei same tenestene, argumenterer Nettverk for samferdsel, Sunnmøre.
Nettverk for Samferdsel Sunnmøre er ei gruppe samansett av leiarane i næringslag- og foreiningar i Sande, Volda, Ørsta, Herøy, Hareid, Vanylven, Ulstein, Haram og Ålesund i tillegg til representasjon frå Gode vegar, Maritimt forum Nordvest og Mafoss. Nettverket blir leia av Jan Thormodsæter i Maritim forening søre Sunnmøre (Mafoss).
Det som ikkje lenger skal blir gjort i Ørsta er oppkøyring til førarkort for moped og motorsykkel, kontroll av eigenimporterte briuktbilar og av ombygde landbrukskøyretøy og bilar.
Svein Sunde i Gode Vegar meiner omlegginga berre vil flytte kostnadar frå Statens Vegvesen over på brukarane, og gir ikkje ein samfunnsøkonomisk gevinst.
- Innsparinga som Statens Vegvesen oppnår går ut att i andre enden, hos brukarane, seier han.

Publisert: 20.01.2021 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12