Privat helseklinikk satsar
NORDVESTKLINIKK: Frå venstre dagleg leiar Mimmi Kvalsund Ulstein, radiolog Kristian Vigdel Kolnes, naprapat Ole Theodor Hovden, lege Håvard Ramsli og lege Torstein Bjørndal.
Nytt

Privat helseklinikk satsar

Nordvestklinikk i Ulsteinvik kjøper inn ultradlydmaskin og utvidar tilbodet.

05.09.2018
Nordvestklinikk i Ulsteinvik opplyser i ei pressemelding at selskapet har investert i ei topp moderne ultralydmaskin og fått med seg ein erfaren radiolog på laget. Det vil også kome tilbod om ultralyd for gravide utført av jordmor.
- Vi ønskjer å gje eit breiare helsetilbod til folk i heile regionen. I tillegg vil vi styrke det tverrfaglege samarbeidet som vi har ved klinikken, seier Mimmi Kvalsund Ulstein som er dagleg leiar for Nordvestklinikk.
Ho opplyser at sidan det er ein privat klinikk, kan folk bestille time til undersøking både med og utan tilvising frå lege.

Ny partner

Nordvestklinikk vart starta opp i 2017 av Mimmi Kvalsund Ulstein, Torstein Bjørndal, Håvard Ramsli og Nordvest Naprapatklikinn - med like mange aksjar på kvar.
Ny partner i Nordvestklinikk er no radiolog Kristian Vigdel Kolnes som har 20-års erfaring frå røntgenfaget. Han er til dagleg overlege ved Volda sjukehus, og går inn som medeigar i Nordvestklinikk og vil jobbe der i tillegg.

Tverrfagleg samarbeid

Nordvestklinikk opplyser i pressemeldinga at selskapet vil halde fram med å tilby alle typar helseattestar som tidlegare. Legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal tek seg av dette. Samstundes vil klinikken leggje til rette for tverrfagleg samarbeid mellom ulike yrkesgrupper.
Mellom anna er Nordvest Naprapatklinikk er ein av aktørane som held til i same lokale på Stålhaugen i Ulsteinvik.
Mimmi Kvalsund Ulstein opplyser at ultralydmaskina frå GE Healthcare vil vere i drift frå midten av september. Då kjem Nordvestklinikk også til å tilby ultralyd for gravide utført av jordmor.

Publisert: 05.09.2018 08:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25