Prishopp paa tre millionar
KOSTNADSAUKE: Vartdal Plast sine auka ferjekostnadar må selskapet sjølv bere mesteparten av i år, seier økonomidirektør Hans Gunnar Høyland.
Nytt

Prishopp på tre millionar

Dersom dagens takstar og billettsystem blir ståande, stig ferjerekninga for Vartdal Plast med tre millionar kroner i år. 

20.01.2020
I 2019 betalte Vartdal Plast 7,5 millionar kroner i ferjebillettar for å frakte råstoff inn til fabrikkane og byggisolasjon og emballasje ut til kundane.
Innføringa av autopass og takstauke på toppen betyr tre millionar kroner ekstra, seier økonomidirektør Hans Gunnar Høyland til NETT NO.
Måndag deltok han på eit møte i regi av Mafoss, Maritim forening for søre Sunnnnmøre, der konsekvensane av nye ferjetakstar og innføringa av autopass-sytstemet var tema.
Ikkje berre er nye ferjetakstar ei ekstra byrde, men den korte fristen frå autopass-systemet blei vedtatt innført til det blir tatt i bruk, gjer at bedriftene ikkje rekk å ta kostnadsauken med i forhandlingane med kundane for 2020. Det opplever Vartdal Plast, og det opplever fleire aktørar, kom det fram på møtet i dag.

Misnøye

Utgangspunktet for møtet er sterk misnøye med dei nye ferjetakstane i Møre og Romsdal, som delvis skuldast ein generell taksauke og delvis av omfordeling av ferjekostnadane på grunn av det automatiske billettsystemet autopass.

Autopassordninga - slik den er planlagt - inneber at passasjerar reiser gratis, medan spesielt lastebilane må betale meir.
"Dersom Erna og hennar regjering ikkje ønsker er at vi skal bu og skape verdiar langs kysten, så ville det vore mykje meir redeleg å seie dette med reine ord, men det er dei vel ikkje tøffe nok til?", skriv dagleg leiar Jan Tormodsæther og styreleiar Oddvar Saunes i Mafoss i eit innlegg i NETT NO.
Innlegget blei også sendt til Mørebenken på Stortinget og gjorde at leiar for Transportkomiteen, Helge Orten (H), bad om eit møte - som blei halde i lokala til Hareid Group i dag.

Vil revurderer ordninga

Orten lova at Autopass-systemet skal revurderast, då han heldt innleiinga si på møtet.
- Det er grunn til å ta ein fot i bakken for heile autopass-systemet, sa han.
Orten presiserer til NETT NO at han ikkje ønskjer å utsette innføringa av autopass-systemet, men at det blir endringar i korleis billettkostnadane skal fordelast.

Publisert: 20.01.2020 15:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50