Pris er underordna for aa lukkast i Russland
GOD RUSSERBUSINESS: Administrerande direktør Magne Standal (t.v.) og konsernsjef Rolf Fiskerstrand (t.h.) kunne fortelje statsråd Jon Georg Dale at det ikkje er alle verft langs kysten som slit. 
Nytt

– Pris er underordna for å lukkast i Russland

Fiskerstrand er blitt Vesten-base for Russlands største fiskeriselskap. Men det er andre ting enn pris som har vore avgjerande, ifølgje Rolf Fiskerstrand.

Marius Rosbach
07.01.2020
Tradisjonsrike Fiskerstrand verft opplever gode tider med stor aktivitet og god lønnsemd. Då samferdsleminister Jon Georg Dale kom på besøk sil Sula-verftet tysdag fekk han høyre korleis dei har omstilt seg frå nybygg til ombygging og reparasjonsoppdrag.
– Det har vore eit ekstremt aktivt år og før jul hadde vi ti-tolv båtar nesten heile tida. 2019 blei eitt av dei beste åra vi har hatt på mange år, fortalde konsernsjef Rolf Fiskerstrand.
Han rosar også samarbeidet med dei tilsette etter nokre tøffe år med reduksjonar og underskott.

Meir frå statsrådbesøket:



– Relasjon, tillit og vennskap

Mykje av omstillinga har skjedd gjennom arbeid for den russiske fiskeflåten. Konsernsjefen fortel at det har vore 20 år med tolmodig arbeid for å få skikkeleg innpass i marknaden.

– Pris er underordna for å lukkast i Russland. Å jobbe med russarane dreiar seg om tre ting: Relasjon, tillit og vennskap, fortalde han.
Fiskerstrand påpeika at pris blir diskutert langt heftigare med lokale reiarlag involvert. Som sunnmøring meinte Dale det låt kjent ut – til munterheit i følgje.
– Du må vite kva du held på med om du skal gjere business i Russland. Ein anna grunn til at dei vel oss, er også at dei har alt dei treng innafor ein times reiseveg, la Fiskerstrand til.

Les også:


Ein tredel til Russland

Verftet har no har 70-80 båtar årleg inne for ulike oppdrag. Konsernsjefen anslår at om lag ein tredel kjem frå Russland.
– No ligg det tre båtar frå Norebo her. Dei er Russlands største fiskeriselskap og har valt Fiskerstrand som hovudbase for reparasjonar og ombygging i Vesten, sa Fiskerstrand.
Til saman er det drygt 300 arbeidarar innafor portane for tida. Om lag halvparten av dei er fast tilsette.
– Mykje av 2020 er også fylt opp allereie, så det lovar godt, sa Fiskerstrand.

Les også:




Du må vite kva du held på med om du skal gjere business i Russland

Publisert: 07.01.2020 17:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49