Pretre satsar i Stryn og Gausdal
INVESTERER: Pretre-sjef Eivind Hopland investerer i større produksjonskapasitet både i Stryn og Gausdal.
Nytt

Pretre satsar i Stryn og Gausdal

Pretre investerer 25 millionar kroner for å auke kapasiteten med over 20 prosent. 

23.03.2017
I august/september skal både anlegget i Stryn og Gausdal stå klart for å kunne produserer vesentleg meir enn i dag.
I Gausdal blir det bygd nytt bygg for ti millionar kroner og investert nesten like mykje i større sag- og handteringsanlegg. I Stryn set bedrifta opp ei ny sag til fem millionar kroner for å auke kapasiteten til å lage bjelkelag og precut til reisverk. Den siste investeringa vart vedtatt no i mars.
Med desse investeringane kan Pretre produsere for 50 millionar kroner meir i året. Det tilsvarar ein auke i driftsinntektene på over 20 prosent.

11 millionar i utbytte

Styret foreslår å betale ut 11 millionar kroner i utbytte etter 2015, ein auke frå sju millionar kroner i 2015.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på 13 millionar kroner, og har samstundes 23 millionar kroner ståande i banken.
Eigarane er Gunnar Svarstad (27,2 prosent), Rune Sandbakk (17,4), Erik Ohr (45,2) og Geir T. Vegsund (9,5). Svarstad og Sandbakk eig aksjane sine gjennom Stryn Næringspark, Ohr gjennom Erik Ohr Eiendom og Vegsund gjennom selskapet Gnist.

Vekst

Pretre trur bustadbygginga vil fortsette å vekse.
- Behovet for bustadbygging er stort. Renta er lav og folk torer å bygge, sa Pretre-sjef Eivind Hopland til NETT NO i januar i år. Då spådde han at selskapet vil nå 275 millionar kroner i driftsinntekter i år.

Publisert: 23.03.2017 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07