Prestisjeprosjekt utsett paa ubestemt tid
YARA BIRKELAND: I mai kom skroget til Yara Birkeland til Brattvåg etter å ha vorte slept frå Vard sitt verft i rumenske Tusla.
Nytt

Prestisjeprosjekt utsett på ubestemt tid

Heilt i det blå når Yara Birkeland. blir heilautonomt, men Vard-verftet skal gjere jobben ferdig.

Marius Rosbach
09.07.2020
Sommaren for to år sidan blei i verda, signert med statsminister Erna Solberg til stades.
Då var planen at skipet, som er designa av Marin Teknikk i Herøy, skulle vere i heilautonom drift i 2022.
No er fullføringa av planane med skipet utsett på ubestemt tid, ifølgje .
Bygginga av skipet er allereie forseinka og skulle i utgangspunktet gjerast ferdig ved Vard Brevik. Då verftskonsernet gjekk for å til Vard Brattvaag.

Skal leverast frå Vard

Kommunikasjonsdirektør Hege Anita Akselvoll i Vard opplyser til NETT NO at verftet skal levere skipet som avtalt, men at den vidare prosessen er utsett. Skroget blei bygd ved Tulcea-verftet i Romania, og kom til Brattvåg i mai.
Årsaka til utsettinga er koronakrisa, og det skal ikkje vere sett ein ny tidsplan for når prosjektet skal takast opp att.
Skipet har av utanlandsk media blitt omtalt som «Tesla of the seas». Kongsberg Maritime og Brunvoll er mellom fleire selskap frå Nordvestlandet som har leveransar om bord.

Skal erstatte 40.000 lastebilar

Bakgrunnen for prosjektet er at Yara kvart år fraktar mineralgjødsel 1 million kilometer på distansen mellom Brevik og Larvik for å senda produktet vidare med konteinarskip.
Yara Birkeland skal erstatte 40.000 turar med dieseldrivne lastebilar på lokalvegane mellom Brevik og Larvik.
Etter ein oppstart med «halv-autonom» drift, skulle alt frå lasting og lossing til seglasen vere sjølvstyrt frå 2022.

Les også:



Forskar:



Publisert: 09.07.2020 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59