Prestisjekontrakt i tynn traad
KONTRAKT I FARE: Med tyske Lürssen på eigarsida skulle Kleven ta eit nytt steg inn i cruisemarknaden. No vil Lürssen ut av samarbeidskontrakt.
Nytt

Prestisjekontrakt i tynn tråd

Bygginga av eit 100 meter langt ekspedisjonscruiseskip hos Kleven står i fare.

14.05.2018
Det tyske Lürssenkonsernet ønskjer å kansellere kontrakten skriv Vikebladet Vestposten.
Planen var å byggje skipet i Ulsteinvik og gjere utrustninga ferdig hos Lürssen.
Lürssen er eitt av selskapa som gjekk inn på eigarsida i refinansieringa av Klevenkonsernet.

Konstituert konsernsjef i Kleven, Olav Tanberg stadfestar til avisa at oppdraget står fare. - Dei tilsette fekk vite om dette i ein interninfo no før helga, seier Tanberg til Vikebladet Vestposten.
- Med over 140 års historie i luksusyachtmarknaden, er Lürssen det desidert mest erfarne og kunnskapsrike selskapet i bransjen, og vi er stolte over at dei har valt Kleven som sin langsiktige partner for utvikling av framtidsretta, høgteknologiske fartøy, sa dåverande Klevensjef, Ståle Rasmussen, i ei pressemelding i november i fjor.

No seier Tanberg til Vikebladet Vestposten at det er Lürssen, ikkje kunden, som vil trekkje seg frå kontrakten med Kleven.
Inntil vidare har alle underleverandørane fått melding om å stoppe arbeidet dei eventuelt er i gang. Bygginga av skipet er heller ikkje starta.
Tanberg seier Kleven er i samtalar med Lürssen om å finne ei løysing.

Publisert: 14.05.2018 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22