Pressekonferanse paa kort varsel
PRESSEKONFERANSE: Statsminister Erna Solberg deltar på pressekonferansen som ble kalt inn på kort varsel onsdag. 
Nytt

Pressekonferanse på kort varsel

Temaet er koronasituasjonen og reiser - følg pressekonferansen frå klokka 14.

12.08.2020
(NPK-NTB): Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) kallar inn til pressekonferanse klokka 14. Tema for konferansen blir koronasituasjonen og reiser.
(ekstern lenke)

Oppdatert:


Folkehelseinstituttet har allereie varsla at dei seks landa Island, Malta, Nederland, Polen, Kypros og Færøyane blir raude. Dette gjeld òg fleire område i Sverige og Danmark, som Värmland og Midt-Jylland.
Men dette må vedtakast av regjeringa før landa faktisk «skifter farge».
Pressekonferansen kjem etter dagar med stigande smittetal fleire stader i landet, og fadderfestar der smittevernreglar ikkje har vorte følgde i fleire byar.
Også helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet skal delta på pressekonferansen.
(©NPK)

Publisert: 12.08.2020 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01