Medan Rolls-Royce har sterkt vekst både innanfor forretningsområda Civil Aaerospace og Power Systems, held problema fram for Rolls-Royce Marine.
Inntektene i første halvår har falle med ytterlegare 15 prosent i forhold til første halvår i fjor. Resultatet er også kraftig svekka.
Resultatet før finanspostar var på minus 31 millionar pund, mot minus 13 millionar pund i første halvår i fjor.
Konsernsjef Warren East seier i tysdag at bakgrunnen for svikten er den vanskelege offshoremarknaden. Det er også eit variert framtidsbilde.
Ordreboka for Rolls-Royce Marine er no på 0,9 milliardar pund.
Samstundes er han tilfreds med dei restruktureringstiltaka som alt er gjorde i konsernet. Mellom anna er det forventa at ved slutten av året vil personellkostnadene vere reduserte med 30 prosent i forhold til slutten av 2014.
Rolls-Royce sine verskemder i Norge er av dei som har tatt den største støyten dei siste to åra når det gjeld kuttrunder.
Rolls-Royce-konsernet som heilheit slår elles analytikarforventningane. Inntektene i første halvår kom opp i 7,5 milliardar pund, noko som er 12 prosent betre enn i første halvår i fjor.
Resultatet før finanspostar vart på 1,9 milliardar pund.
Inntektene i første halvår har falle med ytterlegare 15 prosent i forhold til første halvår i fjor. Resultatet er også kraftig svekka.
Auka tap
Totalt kom inntektene i Rolls-Royce Marine i første halvår opp i 524 milionar pund. Dette var fordelt på 45 prosent i offshore, 29 prosent i marinedelen og 26 prosent knytt til handelsfartøy.Resultatet før finanspostar var på minus 31 millionar pund, mot minus 13 millionar pund i første halvår i fjor.
Konsernsjef Warren East seier i tysdag at bakgrunnen for svikten er den vanskelege offshoremarknaden. Det er også eit variert framtidsbilde.
Ordreboka for Rolls-Royce Marine er no på 0,9 milliardar pund.
Store kutt
Warren East fastslår at innanfor Rolls-Royce Marine kjem det vil å vere fokus vidare på operasjonell restrukturering.Samstundes er han tilfreds med dei restruktureringstiltaka som alt er gjorde i konsernet. Mellom anna er det forventa at ved slutten av året vil personellkostnadene vere reduserte med 30 prosent i forhold til slutten av 2014.
Rolls-Royce sine verskemder i Norge er av dei som har tatt den største støyten dei siste to åra når det gjeld kuttrunder.
Rolls-Royce-konsernet som heilheit slår elles analytikarforventningane. Inntektene i første halvår kom opp i 7,5 milliardar pund, noko som er 12 prosent betre enn i første halvår i fjor.
Resultatet før finanspostar vart på 1,9 milliardar pund.
Publisert: 01.08.2017 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12






