Polsk norsk kamp om desinfeksjonsmiddel
KORONA: Fleire apotek er utselde for anitbac. Ein leveranse frå Polen skulle ha vore på veg, men er stoppa av polske styresmakter. 
Nytt

Polsk - norsk kamp om desinfeksjonsmiddel

Trailerar fulle av desinfeksjonsmiddel skulle køyre til Noreg i slutten av førre veke, men vart stansa av polske styresmakter som seier at dei trengst i Polen.

25.03.2020
NPK-NTB: – Vi skulle køyrt to fulle trailerar i veka, med rundt 20.000 literflasker i kvar bil, seier Arne Haukeland til .
Han eig halvparten av selskapet Norenco Polska, som har fabrikk i Lublin søraust i Polen. Selskapet har selt desinfeksjonsmiddel til Noreg, Polen og Sverige i ei årrekkje.

UD er på saka

Utanriksdepartementet er i dialog med polske styresmakter for å avklare situasjonen, opplyser pressetalsperson Siri R. Svendsen til NRK.
Polen vedtok i byrjinga av mars ei ny lov i samband med koronautbrotet. Der blir det opna for «særlege tiltak» for å førebyggje og kjempe mot smitte.
Norenco fekk dermed førre veke eit brev frå fylkesmannen i Lublin om at desinfeksjonsmidla skulle beslagleggjast og seljast til den polske staten til ein fastsett pris.

- No er det Noregs tur

Den polske ambassaden i Oslo svarer i ein e-post at EU-retten generelt opnar for eksportrestriksjonar i saker som er knytte til folkehelse og viser til koronapandemien.
Haukeland seier han har forståing for at Polen treng desinfeksjonsmiddel for innbyggjarane sine, men at det no er Noregs tur.
– Vi har levert 120.000 liter til den polske marknaden, for apotek og sjukehus, og tykkjer det er rettferdig at det er Noregs tur til å få varer.

Publisert: 25.03.2020 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54