Plusstal for countryfestival
FESTIVAL: Staut frå Valdres stod på hovudscena under countrytreffet i 2015. I år kjem gruppa tilbake til Breim.
Nytt

Plusstal for countryfestival

13. - 17. juli er det klart for Norsk Countrytreff på Breim for 23. gong. Målet er å vere den beste festivalen i landet.

22.06.2017
Norsk Countrytreff gjekk med 0,6 millionar kroner i overskot i 2016 etter at det var 13.050 besøkande på festivalen. Det er tangering av rekorden frå 2009, sjølv om festivalen i fjor var råka av eit voldsomt uvèr laurdagskvelden. Så ille var det at vasskjelda vart forureina, silane gjekk tette og toaletta måtte stengast ein periode.
Men det gjekk bra til slutt, og no er aktøtane klare til ny dyst med over 20 band og artistar på scena på fleire arenaer i Gloppen kommune.
VassendgutaneVassendgutane frå Åmdalen var eitt av trekkplastra i fjor. Dei stiller på nytt. Tilbake kjem også Valdres-gruppa Staut. På artistlista finn ein også namn som Lucky Lips, Darling West og Country Heroes.
Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim, men det er arrangement mange andre stader. Mellom anna er det kyrkjekonsert i Breim kyrkje. I fjor gjekk det rykte om at den konserten var utseld, så i år vil arrangørane ha setebestilling. Det opplyser styret i årsmeldinga.
Totalt hadde stiftinga 7,6 millionar kroner i inntekter i fjor, der 2,9 millionar kroner var tilskot. 1,7 millionar kroner av dette var tilskot frå kulturdepartementet, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune gav 0,8 millionar og Gloppen kommune 0,3 millionar.

762 vakter

Totalt vart det i fjor betalt artistutgifter på 2,4 millionar kroner. Det var i sving heile 782 vakter dei tre dagane festivalen varde, der dei fleste av vaktene kom frå stiftarorganisasjonane.
Trass i at stiftinga har meir pengar i banken enn gjeld, slit stiftinga med stram økonomi, og har sett seg nøydd til å ha dagleg leiar i berre 40 prosent stillinga. Styret meiner at det er behov for ein auke av administrasjonen.
Norsk Countrytreff er ei privat stifting som er etablert av Breimsbygda Idrettslag, Byrkjelo Ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag, A/L Breimshallen, Breim Countryklubb, Stiftinga Norsk Fjordhestgard, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Styreleiar i stiftinga er Nils R. Sandal.

Publisert: 22.06.2017 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11