Planlegg ny AIS satelitt etter havari av den forrige
OVERVAKING: AIS-satelittane passerer over norske havområde kvart 90-ande minutt. Satelittane har ei levetid på rundt tre år.
Nytt

Planlegg ny AIS-satelitt etter havari av den forrige

Talet på operative AIS-satelittar går ned, men sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen i Kystverket meiner at det er nok med to operative AIS-satelittar til eikvar tid. 

12.01.2018
- På havet er det ikkje naudsynt med kontinuerlig oppdatert trafikkovervaking, slik landstasjonane gir oss i kystområda. Vi vurderer det derfor slik at to operative satelittar er bra nok for dei fleste formål, særleg med tanke på at vi før 2010 ikkje hadde havovervaking i det heile, men berre langs kysten, seier Arve Dimmen.
Alle skip over 300 bruttotonn er pålagde å ha og bruke AIS-systemet (Automatic Identication System).

Russisk havari

Ved hjelp av AIS-signal kan Kystverket sine satellittar registrere og spore skip over heile verda sidan 2010 då den første AIS-satellitten vart skoten opp.
Men i oktober i fjor gjekk det galt då satelitten AISSat-3 skulle skytast opp. Satelitten var passasjer på ei russisk Sojus-rakett, men raketta havarerte.
Les her:

Utskyting før 2020

No set Kystverket i staden sin lit til satelitten NorSat-3, ein satelitt som vil også vere utstyrt med AIS-mottakakar som fangar opp antikollisjonssignal frå skip.
Satelitten skal etter planen skytast ut i slutten av 2019. Fram til då kan det verte dårlegare AIS-dekning ettersom ein no berre har fire satelittar i bane etter det russsike havariet. To av dei har også vore i drift lenger enn forventa levetid.
- Satellittane til Kystverket og Norsk Romsenter har ei forventa levetid på tre år. Fordi romteknologien i sin natur har risiko for tap av satellittar og det tak lang eller varierande tid frå ein startar etablering til ein satellitt faktisk er i bane og operativ, tek vi sikte på å ha minst to satellittar i drift i romet til ei kvar tid, seier Dimmen.

Kvart 90-ande minutt

Dimmen seier at det er vanskeleg å få fullgod dekning.
- Kvar satellitt passerer over norske havområde om lag kvart 90-ande minutt og satellittane kan ikkje manøvrerast for å koordinere passeringstidspunkt seg i mellom. Det gjer at det ikkje kan oppnåast kontinuerleg dekning, sjølv med mange satellittar av denne typen og i slike baner.
Kystverket deler sin AIS-data med andre offentlege etatar. Satelittane har medført at ein aldri før har hatt så god oversikt over skipstrafikken i norske havområde, rundt Svalbard og i resten av Arktis, inkludert Nordøstpassasjen.
Kvar satellitt passerer over norske havområde om lag kvart 90-ande minutt

Publisert: 12.01.2018 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17