Planlegg biogass anlegg
BIOGASS: På høgre sida av elva, om lag midt på biletet, vurderer Volda og Ørsta Reinhaldsverk å utvinne biogass frå matavfall og husdyrgjødsel.
Nytt

Planlegg biogass-anlegg

Volda og Ørsta Reinhaldsverk planlegg biogass-produksjon.

25.11.2015
Styret i det interkommunale renovasjonsselskapet gav i går klarsignal til eit forprosjekt som skal kartlegge om det er liv laga å starte biogassproduksjon i Ørsta.
Målet er å vinne ut biogass frå matavfall, og kanskje også husdyrgjødsel, i følgje ei pressemelding. Målet er å ha konklusjonane frå utgreinga på bordet til sommaren 2016, og då avgjere om det blir biogass-anlegg eller ei.

Minst 10 millionar kroner

Dei aller mest optimistiske signala går ut på at det går an å bygge eit slikt anlegg for 10 millionar kroner, seier kommunikasjonsansvarleg Petter Sandvik i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR).
VØR startar ei prøveording med innsamling av matavfall i 2017 og gjer innsamlinga obligatorisk frå 2018. Det krev uansett bygging av ein omlastingsanlegg som skal plasserast på eit industriområde cirka fem kilometer aust for Ørsta sentrum, der VØR har sikra seg ei tomt på 20 mål. No kan det bli biogass-anlegg i staden.

Drivstoff

Biogass kan mellom anna brukast som drivstoff, og VØR satsar på å hente matavfall også frå andre kommunar på Nordvestlandet enn Ørsta og Volda dersom anlegget blir bygd.
Dersom VØR konkludere med at det vil løne seg å bygge eit biogassanlegg vil selskapet mellom anna spare seg handtering og vidaretransportkostnader for matavfall, i tillegg til at eit slikt anlegg kan gi nye arbeidsplassar.
VØR har vore i kontakt med moglege samarbeidspartnarar, men har førebels fått eit ønskje om meir fakta på bordet før dei eventuelt går vidare.

Publisert: 25.11.2015 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50